Universitet: Bachelorprogram i informatikk

Universitet i Bergen

Klasserom3 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



På Bachelorstudiet i informatikk lærer du korleis ei datamaskin fungerer og på kva måte du kan nytte datamaskina til å løyse ulike problem. I dag blir nesten all tekst, bilete og talmateriale vist fram i digital form. Dette har revolusjonert måten vi lagrar, tilverkar og sender data på. Datamaskina har gjort det mogleg å handtere enorme datamengder. Harddisken på PC-en din inneheld like mykje informasjon som eit vanleg bibliotek, og maskina kan finne att tekst på nokre få millisekund. Internett gir deg tilgang til data på millionar av datamaskiner rundt om i verda, og søkjemotorar hjelper deg å finne det du er ute etter.

På kort tid har alle moderne samfunn blitt avhengige av at informasjonsteknologien fungerer. Oppgåver som før blei løyste manuelt eller som ikkje lét seg løyse, blir no overlatne til datamaskiner. Bachelorstudiet i informatikk ved Universitetet i Bergen gir deg ein moderne kompetanse som kvalifiserer deg til å møte slike utfordringar i arbeidslivet. Studiet gir elles eit solid grunnlag for vidare studium mot ein mastergrad i informatikk.

Få fagområde er så sterkt prega av rivande utvikling og raske omveltingar som informasjonsteknologien. For alltid å kunne tilpasse seg nyvinningar i faget trengst det ikkje berre kjennskap til teknisk utstyr og metodar som er i bruk i dag, det trengst også ei grunnleggjande forståing av prinsippa for korleis teknologien fungerer. Derfor er informatikkstudiet ved Universitetet i Bergen sett saman av både teoretiske emne, med rikt innslag av matematikk, og praktisk retta emne med øvingar på moderne datautstyr. På den måten skal studiet gi deg god teknisk innsikt, men også utvikle forståing og kreativitet.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i informatikk inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne og 90 studiepoeng med spesialisering. Dei siste 60 studiepoenga kan du velje frå andre fag, men du må ha til saman minst 30 studiepoeng matematikk.

 

Gjennom heile studiet vil du møte ein kombinasjon av teoretiske og meir praktiske emne. Du får djuptgåande kunnskapar i det å lage dataprogram og vurdere ulike eigenskapar ved dei. Studiet gir også innsikt i prinsippa for oppbygging av datamaskinar og digital representasjon av data. Matematikk er eit sentralt hjelpemiddel for alle som arbeider med informatikk, og derfor er dette det viktigaste støttefaget i utdanninga.

 

Det første året får du både innføring i programmering og grunnleggjande kunnskapar i matematikk. Dette er kunnskapar som er nødvendige for vidare studium. I det første semesteret tek du også ex.phil.

 

I løpet av det andre året er det viktig å lære seg praktisk bruk av programmeringskunnskapane som du har tileigna deg, og å få innsikt i korleis sentrale verktøy i informasjonsteknologien fungerer. Matematikk er også ein viktig del av det andre studieåret.

 

I det tredje året har du stor fridom i val av emne, og du kan starte på ei fagleg spesialisering med sikte på mastergrad.

 

Studiet er bygt opp slik at valfridomen aukar utover i studiet. Dette gir høve til større breidde i utdanninga, eller du kan starte oppbygginga av ei framtidig spesialisering i masterstudiet. Det er mogleg å velje blant mange ulike informatikkemne eller blant det breie spekteret av fag som finst ved universitetet elles. Mange vil for eksempel velje meir matematikk for å førebu seg til eit masterstudium.

 

Undervisningsformene er varierte. Pensum blir til vanleg først presentert i forelesingar, deretter arbeider studentane vidare med stoffet i mindre grupper som blir leia av vidarekomne studentar. På dei neste emna må du levere inn programmeringsoppgåver og skriftleg arbeid av meir teoretisk art. Gjennom heile studiet vil det bli gitt personleg oppfølging og tilbakemelding på det sjølvstendige arbeidet.

 

Bachelorprogrammet i informatikk vil da sjå slik ut:

 

6. Semester
Val/ informatikk
Val
Datanett/ Systemkonstruksjon

 

5. Semester
Val/utveksling

 

4. Semester
Val
Datamaskinar og operativsystem
Systemkonstruksjon/ Datanett

 

3. Semester
Val/matematikk
Programmeringsparadigme
Algoritmar og datastrukturar

 

2. Semester
Val/matematikk
Diskrete strukturar
Vidaregåande programmering

 

1. Semester
Ex.phil.
Innføring i matematikk
Innføring i programmering

Førstesemesterstudiet

Det første semesteret i studiet tek ein tre emne, kvart på 10 studiepoeng. Desse emna er examen philosophicum, eit innføringsemne i matematikk, og ei innføring i programmering. Du som har teke eit eller fleire av desse emna tidlegare, vil få informasjon om kva emne du skal ta ved semesterstart.

Utveksling

Ønskjer du å ta delar av studiet i utlandet, bør dette bli gjort i løpet av det tredje året. Vi har i dag avtalar med University of Bologna (Italia), Università degli studi di Roma III (Italia), Makerere University (Uganda), Universitetet i Uppsala (Sverige), Charles University, Praha - (Tsjekkia), Syddansk universitet (Danmark) og University of Newcastle (Australia).

Universitetet i Bergen har dessutan mange andre utvekslingsavtalar.

Yrkesvegar

Arbeidsmarknaden vil alltid trenge godt kvalifiserte personar med kompetanse i informatikk. Røynsle har også vist at ei universitetsutdanning ikkje går ut på dato like fort som kortare studium, sidan desse studia i liten grad er bygd på solide teoretiske kunnskapar. Derfor står ein bachelorkandidat sterkt i konkurransen om interessante jobbar, også når svingingane i arbeidsmarknaden når botnen.

 

Vidare studium

 

Bachelorprogrammet i informatikk kvalifiserer for vidare studium i masterprogrammet i informatikk.

Bachelorprogrammet i informatikk gir deg eit breitt grunnlag for mange ulike arbeidsoppgåver innan informasjonsteknologi. Eit døme på dette kan vere ein jobb som programmerar i prosjekt der ein utviklar stor programsystem. Du kvalifiserer deg også for arbeid innan datakommunikasjon og Internett. Mange vil få jobb som IT-konsulent i større organisasjonar. Graden gir grunnlag for undervisningskompetanse i informatikk.



Forkunnskaper


 

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

I tillegg må du ha eit av matematikkursa 2MX/2MY/3MZ fra vgs.



Studiepoeng


180 Studiepoeng





Be om gratis info
Bachelorprogram i informatikk hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere