Universitet: Masterprogram i humanistisk informatikk
Universitet i BergenOppbygging av studiet
Masterprogrammet i humanistisk informatikk består av
ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på
60 studiepoeng.
Eit masterprogram i humanistisk informatikk kan sjå slik ut:
1. semester: HUIN301 Metodar og mastergradsprosjekt i humanistisk informatikk (obligatorisk), HUIN303 Digital medieestetikk eller DASP303 Datalingvistisk modellering eller HUIN308 Statistikk for HF-fag
2. semester: HUIN307 Kritiske innfallsvinkler til teknologi og samfunn II, INFO352 Historiske og samtidige perspektiv på pedagogisk informasjonsteknologi eller HUIN305 Praksisprosjekt i humanistisk informatikk
3. og 4. semester: Arbeid med masteroppgåve
Masteroppgåve
Oppgåva skal vere eit resultat av ei sjølvstendig utforsking av ei relevant problemstilling i humanistisk informatikk. Ho kan kombinere teoretiske, metodiske og teknologiutviklande perspektiv. Eit vellykka arbeid krev praktisk kompetanse i tillegg til analytiske og kreative evner. Tema for oppgåva vel du i samråd med rettleiaren din. I prinsippet kan temaet for oppgåva veljast fritt i samråd med rettleiaren innanfor dei totale rammene til faget og ut frå eigne interesser og faglege føresetnader. Det er elles høve til å knyte oppgåva til konkrete behov i ulike institusjonar eller verksemder.Metode
Humanistisk informatikk er prega av metodepluralisme. Innanfor faget arbeider ein både med algoritmiske metodar i programutvikling, historiske metodar, tekstanalyse og tolking, statistiske metodar og kvalitative data.Yrkesvegar
Mastergraden kvalifiserer for vidare forsking og for undervisning. Graden kvalifiserer også for informasjonsarbeid (utvikling, tilrettelegging og formidling) med digitale medium i private og offentlege verksemder, for eksempel i kultursektoren.
Forkunnskaper
Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng med spesialisering i humanistisk informatikk. Andre IKT-relaterte utdanningar kan godkjennast etter særskild søknad. Dersom du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng i spesialiseringa, blir det akseptert som opptaksgrunnlag.
Studiepoeng
120 Studiepoeng
Masterprogram i humanistisk informatikk
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!