Universitet: Masterprogram i informasjonsvitskap
Universitet i BergenOppbygging av studiet
Masterprogrammet i informasjonsvitskap består av ein kursdel på 60 studiepoeng, sett saman av fire emne à 15 studiepoeng. Emna blir underviste i det første og andre semesteret, mens du skal skrive masteroppgåve i 3. og 4. semester.
Eit masterprogram i informasjonsvitskap kan sjå slik ut:
1.sValemneValemne15 sp
15 sp2. sINFOMEVI300 - Prosjektarbeid og forskingsdesign
Valemne 15 sp
15 sp3. og 4. sINFO390 - Masteroppgåve 60 sp
s= semester sp= studiepoeng
Masteroppgåve
I løpet av det andre semesteret skal du utarbeide og levere ein søknad om masteroppgåve i informasjonsvitskap. Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig informasjonsvitskapleg arbeid som blir utført under rettleiing. Oppgåvesøknaden skal utformast i samband med INFOMEVI300, gjerne i samarbeid med ein mogleg rettleiar.Metode
I informasjonsvitskap gjer ein empiriske studiar av informasjonssystem og aktivitetar knytte til slike, både med kvalitative og kvantitative metodar. Det som likevel kjenneteiknar faget mest, er at vi i vår forsking prøver å utvikle og forbetre informasjonssystema ved å faktisk designe ei forbetring. Dette kan for eksempel vere i form av eit dataprogram, ein database eller ein nettstad.Yrkesvegar
Som ferdigutdanna informasjonsvitar arbeider du gjerne som konsulent i IT-bransjen eller med utvikling og drift i IT-avdelingar i private og offentlege verksemder. Arbeidsoppgåvene dine er for eksempel utvikling og evaluering av nye informasjonssystem, opplæring og brukarstøtte, vedlikehald av eksisterande system og planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd kan nytte IKT på best moglege vis.Forkunnskaper
Bachelor-/cand.mag.-grad med godkjend spesialisering/fordjuping (80-90 studiepoeng) i informasjonsvitskap. I den seinare tida er det blitt gitt direkte opptak til master-programmet for studentar med tilstrekkeleg spesialisering/fordjuping i informasjonsvitskap frå NTNU, Høgskolen i Agder, Høgskolen i Molde, Høgskolen i Gjøvik og Norges Informasjonsteknologiske Høgskole. Merk deg at godkjenning kan vere avhengig av val av studieretning/emne, slik at ein framleis krev individuelle søknader. Informasjonsvitskaplege studium frå andre institusjonar (Høgskolen i Bergen, Høgskolen i Oslo ofl.) har gitt innpassing mot at du tek eitt eller to emne på 200-nivå i informasjonsvitskap. Kravet om individuell søknad gjeld også her.
Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Gjennomsnitt for dei to siste opptaka har vært 31,1 konkurransepoeng. Sjå studere.uib.no/
master-sv for utrekning av konkurransepoeng.
Studiepoeng
120 Studiepoeng
Masterprogram i informasjonsvitskap
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!