Universitet: Integrert mastergrad i odontologi
Universitet i BergenStudiet gir på den eine sida teoretisk opplæring i biologiske, medisinske og odontologiske fag, og på den andre sida praktisk trening i laboratoriet og klinikkane. Målet er at du skal tileigne deg det teoretiske, praktiske og åtferdsmessige grunnlaget som er nødvendig for å arbeide som tannlege. Du må derfor kunne tileigne deg teori og teknisk og klinisk kompetanse. Dessutan må like å arbeide med menneske. Studiet omfattar diagnostisering og behandling av sjukdommar i tenner, kjeve, munnslimhinner og områda rundt. Studiet skal vidare gi grunnlag for livslang læring, spesialisering og forskarutdanning i dei odontologiske faga.
I studiet blir det brukt undervisningsformer med mykje studentaktivitet, tverrfaglege læremåtar og problembaserte læringsoppgåver. Undervisninga er både teoretisk (forelesingar og seminar) og praktisk (arbeid i laboratorium og klinikkar). Før du får ta eksamen i eit fag eller ei undervisningsblokk må det praktiske arbeidet i den aktuelle disiplinen vere godkjent.
Oppbygging
1. studieår:
Det første året er felles for studentar innan odontologi og medisin. Her får du undervisning i grunnleggjande medisinske og odontologiske emne i kjemi, biokjemi, anatomi, fysiologi og cellebiologi (biologiske basalfag). I tillegg kjem medisinsk nomenklatur (latinske faguttrykk), etikk og klinikk, medisinsk statistikk, oralbiologi del 1 og ex.phil. I det andre semesteret blir du gjort kjend med dei kliniske fagområda og med Odontologisk klinikk. Det blir lagt vekt på å utvikle ein odontologisk yrkesidentitet og gi motivasjon for studiet vidare.
2. studieår:
Dette året får du undervisning i anatomi, fysiologi, oral biologi del 2 og generell patologi og immunologi. I vårsemesteret byrjar integrert undervisning i odontologiske biomateriale (materiale som blir brukte i munnhola) og propedeutisk kurs (førebuing til klinikk). Det er også undervisning i odontologisk røntgendiagnostikk og eit klinisk innføringskurs.
3. studieår:
Propedeutisk undervisning held fram og fagspesifikke kurs vert starta opp. Undervisninga dette året omfattar mykje trening i manuelle ferdigheiter, med omfattande integrering av parakliniske og kliniske fagområde. Behandlinga av pasientar kjem i gang, og det blir fokusert på kliniske rutinar, hygiene, pasientkommunikasjon, undersøkingar, planlegging av pasientbehandling, lokal anestesi og journalforskrifter. Det blir også undervist i farmakologi (læra om legemiddel) og mikrobiologi (læra om mikroorganismar).
4.-5. studieår:
Det meste av tida i dei to siste studieåra går med til pasientbehandling og teoretisk undervisning i ulike kliniske fag. Desse faga omfattar kariologi (kariesbehandling), endodonti (rotfylling), protetikk (tannerstatningar), periodonti (sjukdommar i tannkjøtet), pedodonti (barnetannpleie), gerodontologi (tannpleie for eldre), kjeveortopedi (tannregulering), oral kirurgi og oral medisin (munnholekirurgi og munnholesjukdommar), odontologisk røntgendiagnostikk, oral patologi (sjukdommar i tenner, munn og kjeve) og samfunnsodontologi (tannhelse som gruppefenomen). Undervisninga i dei store kliniske faga blir samordna under blokka Allmennodontologi.
Ved byrjinga av det 4. studieåret vel du tema for prosjektoppgåve.
Ved byrjinga av det 5. studieåret har du tre veker praksisstudium ved klinikkar i den offentlege tannhelsetenesta.
Studieplanen på profesjonsstudiet i odontologi er fast, slik at studentane på kvart årskull må følgje det same studieopplegget og ta eksamen til fastsette tider.
Studieår
Haustsemester
Vårsemester
1. studieår
Ex.phil.
Medisinsk nomenklatur Grunnleggjande medisinske og odontologiske emne
Grunnleggjande medisinske og odontologiske emne
2. studieår
Grunnleggjande medisinske og odontologiske emne
Grunnleggjande medisinske og odontologiske emne Førebuing til klinikk
Klinisk introduksjon
3. studieår
Klinisk introduksjon.
Klinisk-odontologiske emne
Klinisk-odontologiske emne
4. studieår
Klinisk-odontologiske emne Prosjektoppgåve
Klinisk-odontologiske emne
Allmennodontologi
Prosjektoppgåve
5. studieår
Klinisk-odontologiske emne Hospitering på offentleg tannklinikk.
Allmennodontologi Prosjektoppgåve
Klinisk-odontologiske emne
Allmennodontologi
Utveksling
Gjennom opphald på utanlandske universitet får du sjanse til å oppleve fagmiljø som fungerer annleis enn her heime. Opphaldet gir kunnskap om andre tenkjemåtar og andre prinsipp, og det er noko du kan byggje vidare på i ditt seinare yrkesliv. Utvekslinga blir innpassa i den siste delen av profesjonsstudiet, der du kan jobbe relativt sjølvstendig i klinisk teneste.
Det odontologiske fakultet har per i dag utvekslingsavtaler for odontologistudentar ved følgjande lærestader:
- University of Minnesota, USA
- Universidad de Costa Rica, Costa Rica
- Københavns tandlægeskole, Danmark
- Helsinki universitet, Finland
- Karolinska Institutet, Huddinge, Sverige
- Tandlægehøgskolen i Reykjavik, Island.
- Charitè Universitätsmedizin Berlin, Tyskland
Yrkesvegar
Tannlegeyrket er rikt på utfordringar. Dei fleste tannlegar arbeider i privat praksis eller i den offentlege tannhelsetenesta. Nokre arbeider i undervisning, forsking eller administrasjon. Det er for tida stor etterspurnad etter tannlegar, og framtidsutsiktene er svært gode. Tannlegar har ordna arbeidstid og gode lønsvilkår.Vidare studium
Det tas opp kandidatar for spesialisering innan ulike kliniske fagområde ved Det odontologiske fakultet. Nytt frå hausten 2004 er opptak til 3- eller 5-årige heiltidsstudium innan feltet.Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du ha 2MX/2MY/3MZ + 2FY + 3KJ.
Studiepoeng
300 Studiepoeng
Integrert mastergrad i odontologi
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!