Universitet: Bachelorprogram i tannpleie
Universitet i BergenTannpleiarstudiet er ei praktisk retta utdanning, og formålet er å gi kunnskap, kompetanse og haldningar slik at du blir i stand til å utføre oppgåver innanfor eit breitt område av den førebyggjande tannpleia. Derfor krev studiet at du meistrar kombinasjonen av teori og arbeid med menneske, og at du skaffar deg teknisk og klinisk kompetanse.
I undervisninga legg vi vekt på auka bruk av undervisningsformer med studentaktivitet. Blant anna nyttar vi oss av tverrfaglege og problembaserte læremåtar, bruk av IKT i undervisninga og fagleg fordjuping (bacheloroppgåve). Undervisninga er både teoretisk (forelesingar og seminar) og praktisk (arbeid i laboratorium og klinikkar). Før du får ta eksamen i eit fag eller i ei undervisningsblokk, må det praktiske arbeidet i den aktuelle disiplinen vere godkjent.
Oppbygging
1. studieår
I første semester får du undervisning i examen philosophicum, som er ei innføring i filosofihistorie, vitskapsfilosofi og logikk. Examen philosophicum skal stimulere til ein vitskapeleg og kritisk tenkjemåte i forhold til grunnleggjande problem i medisin og odontologi.
I første semester blir det gitt ei innføring i grunnleggjande prinsipp og samanhengar som det er nødvendig å forstå for å kunne undersøkje, diagnostisere og leggje behandlingsplanar for helsefremjande tiltak og førebyggjande tannbehandling hos vaksne pasientar.
Det blir vidare undervist i medisinske og odontologiske emne som blant anna allmenn anatomi og tannanatomi, kjemi og biokjemi, fysiologi og ernæring, farmakologi (læra om legemiddel), mikrobiologi, røntgenologi, materiallære og patologi (sjukdomslære). I tillegg får du ei innføring i praktisk tannpleie og helseformidling. Du startar med behandling av pasientar allereie i det 2. semesteret.
Det første studieåret legg vekt på å utvikle ein odontologisk yrkesidentitet og gi motivasjon for utdanninga, samt skape forståing for eigna læringsformer.
2. og 3. studieår
Her held undervisninga fram i nokre fag frå første året, men det blir i tillegg undervist i fag som kjeve- og slimhinnelidingar, pedodonti (barnetannpleie), kariologi (kariesbehandling) periodonti (tannkjøttsjukdommar), kjeveortopedi (tannregulering), endodonti (rotfylling), pedagogikk og psykologi, protetikk (tannerstatningar), gerodontologi (tannpleie for eldre) og samfunnsodontologi (læra om tannpleie i samfunnet). Du skal ha praksis ved klinikkar i den offentlege tannhelsetenesta og hospitere på sjuke- og aldersheimar. I tillegg skal du skrive ei bacheloroppgåve.
Studieår
Haustsemester
Vårsemester
1. studieår
Ex.phil.
Grunnleggjande medisinske og odontologiske emne
Førebyggjande tannhelsearbeid
Grunnleggjande medisinske og odontologiske emne
Førebyggjande tannhelsearbeid - vaksentannpleie
2. studieår
Førebyggjande tannhelsearbeid - vaksentannpleie
Klinisk-odontologiske emne
Barnetannpleie
Førebyggjande tannhelsearbeid - vaksentannpleie
Klinisk-odontologiske emne Barnetannpleie
Hospitering ved offentleg tannklinikk
3. studieår
Førebyggjande tannhelse-arbeid - vaksentannpleie
Klinisk-odontologiske emne
Barnetannpleie Bacheloroppgåve
Førebyggjande tannhelse-arbeid - vaksentannpleie
Klinisk-odontologiske emne
Bacheloroppgåve
Utveksling
Gjennom opphald på utanlandske universitet får du sjansen til å oppleve fagmiljø som fungerer annleis enn her heime. Opphaldet gir kunnskap om andre tenkjemåtar og andre prinsipp, og det er noko du kan byggje vidare på i ditt seinare yrkesliv. Utvekslinga blir passa inn i den siste delen av profesjonsstudiet der du kan jobbe relativt sjølvstendig i klinisk teneste.
For tannpleiestudentar har vi per i dag utvekslingsavtaler med følgjande lærestader:
- Åbo Yrkeshøgskole, Finland
- Århus Universitet, Danmark
- University of Minnesota, USA
Yrkesvegar
Tannpleiarstudiet fører fram til eit yrke som er rikt på utfordringar. Tannpleiarar arbeider innanfor mange område i både privat og offentleg helseteneste: på tannklinikkar, helsestasjonar, skolar, institusjonar etc. Yrkesutøvinga skjer i samarbeid med anna helsepersonell, og i eit tannhelseteam speler tannpleiarar ei viktig rolle saman med tannlegar og tannlegesekretærar. Arbeidet går føre seg innanfor rammene av Lov om helsepersonell. Arbeidsutsiktene er gode.Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studiepoeng
180 Studiepoeng
Bachelorprogram i tannpleie
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!