Universitet: Masterprogram i teatervitskap
Universitet i BergenOppbygging av studiet
Masterprogrammet i teatervitskap er bygd opp med ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Kursdelen inneheld 45 studiepoeng med obligatoriske emne og eit valfritt emne på 15 studiepoeng.
Dei obligatoriske emna er TEAT301 Teaterhistorie, historiografi og vitskapsteori, TEAT302 Prosjektskisse, TEAT303 Teoretisk fordjuping i eit systematisk område og TEAT350 Masteroppgåve. Masteroppgåva skal vere basert på bestått TEAT302 Prosjektskisse, og rettleiar vert tildelt etter bestått eksamen i dette emnet.
Eit masterprogram i teatervitskap kan sjå slik ut:
1. s TEAT301 - Teaterhistorie, historiografi og vitskapsteoriTEAT302 - Prosjektskisse 15 sp
15 sp 2. s TEAT303 - Teoretisk fordjuping i eit systematisk område
Valfritt emne:
TEAT311 - Seminarinnlegg innanfor sjølvvalt område
TEAT312 - Innlegg på ekskursjon organisert av seksjonen
TEAT313 - Prosjektarbeid i feltet 15 sp
15 sp 3. og 4. s TEAT350 - Masteroppgåve 60 sp
s= semester sp= studiepoeng
Masteroppgåve
Masteroppgåva skal skrivast innanfor eit sjølvvalt emne og byggjer på bestått TEAT302 Prosjektskisse. Rettleiaren skal følgje skriveprosessen og gi råd og tilbakemeldingar etter avtale, men du skal på sjølvstendig, kritisk og metodisk vis arbeide masteroppgåva til eit vitskapleg bidrag til faget. Omfanget av oppgåva er normalt på 70-110 sider. Rettleiing i masteroppgåva er obligatorisk.Metode
Masteroppgåva i teatervitskap kan omhandle eit historisk, praktisk-dramaturgisk, framsyningsanalytisk eller teoretisk emne, og ein må nytte seg av adekvate metodar i oppgåva.Yrkesvegar
Masterprogrammet i teatervitskap kvalifiserer blant anna for arbeid innanfor praktisk teaterarbeid, undervisning, forsking og kulturadministrasjon.Opptaksgrunnlag
Studiet byggjer på fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning teken i Noreg eller utlandet. Bachelorstudiet må omfatte ei spesialisering i teatervitskap på minst 90 studiepoeng. Du kan søkje instituttet om å få godkjent inntil 30 av desse studiepoenga frå nærliggjande fagområde. Dersom du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng spesialisering/fordjuping, kan dette etter fagleg vurdering bli akseptert som opptaksgrunnlag.Forkunnskaper
Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.
Studiepoeng
120 Studiepoeng
Masterprogram i teatervitskap
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!