Universitet: Bachelorprogram i kognitiv vitskap
Universitet i BergenOppbygging
Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:
- 30 studiepoeng innføringsemne inkludert ex.phil.
- 90 studiepoeng med emne som dannar kunnskapsgrunnlaget i kognitiv vitskap
- 60 studiepoeng valfrie emne, avhengig av kva spesialisering du vel.
På bachelorstudiet i kognitiv vitskap kan du blant anna studere følgjande tema:
- Programmering
- Språkvitskap (lingvistikk)
- Språk og data
- Biologisk og kognitiv psykologi
- Sinnsfilosofi
- Logikk
- Kunstig intelligens
Dei siste 60 studiepoenga i bachelorprogrammet vel du ut frå kva fagområde du vel å spesialisere deg i. Innanfor kognitiv vitskap kan du velje mellom følgjande spesialiseringsfag: informasjonsvitskap, informatikk, filosofi og datalingvistikk.
Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap vil sjå slik ut:
1. semester Ex.phil. (10 sp) Innføring i programmering (10 sp) Språk og kommunikasjon (10 sp) 1½ år Spesialiseringsfag i kognitiv vitskap (90 sp) 1 år 60 studiepoeng valemne, avhengig av kva spesialisering du vel TOTALT: 180 studiepoeng (3 år)sp = studiepoeng
Utveksling
Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet, høvesvis mellom nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del av universitetet si ordinære verksemd. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtaler med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehandsgodkjent studieprogram (frå 3 veker til 12 månader) i studiet sitt og den norske graden studenten tek.Yrkesvegar
Gjennom studiet i kognitiv vitskap vil du tilegne deg både ein yrkesrelevant IT- kompetanse og ei akademisk evne til kritisk analyse og nytenking. Det gir deg ein dobbel kompetanse som er svært etterspurt på arbeidsmarknaden. Studiet kvalifiserer for undervisning og arbeid i ulike fag avhengig av spesialiseringa du vel i det tredje året av studiet.
Studiet kan også byggjast ut med masterstudium i fleire retningar og kvalifiserer for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.
Vidare studium
Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap vil kvalifisere deg for opptak til masterprogrammet i informasjonsvitskap, informatikk, filosofi eller datalingvistikk, alt etter kva du vel til spesialisering. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftleg arbeid og aktiv deltaking i undervisning og seminar. Arbeidet med masteroppgåva står sentralt i studiet.Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studiepoeng
180 Studiepoeng
Bachelorprogram i kognitiv vitskap
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!