Møre Folkehøgskule
| Postadresse: | Postboks 14, 6150 Ørsta |
| Besøksadresse: | Kyrkjegata 48, 6150 Ørsta |
| Telefon: | |
| Faks: | |
| E-post: |
Se kurstilbud fra Møre Folkehøgskule
Om Møre Folkehøgskule
Vi på Møre Folkehøgskule ønskjer å møte deg. Det gler vi oss til! Utan deg og andre friske andlet greier ikkje vi å utvikle oss og vekse. Og dersom du kjem, vil du sjølvsagt møte oss også. Og viktigast: alle dei andre elevane.
Ein vil på lufta – ein annan på snøbrett. Nokon vil til Kina eller Egypt for å riste laus fordommar og stive hofter. Andre sit i ro og skaper si verd med enkle strekar. Same kva som driv deg eller kva du trur på, ønskjer vi å ta imot deg og gi deg eit år du aldri vil gløyme. Men du må også vere villig til å møte dei andre!
Om lag halvparten av undervisninga er fellesfag.
Eit par gonger i året legg vi alt anna vekk, reinskar strupen og hiv oss ut i eit felles korprosjekt. Til slutt vert det konsert, gjerne i samarbeid med kjende musikknamn som Ytre Suløen, Tord Gustavsen, Simon Flem Devold eller søramerikanske Altiplano.
Fysiske valfag har vi kvar veke - morgonsamling alle kvardagar.
Det siste kan vere eit ord for dagen, ein song, ein filmsnutt eller ei personleg oppleving som ein ønskjer å dele med andre. Laurdagsseminar med ulike tema omfattar også fellesfaga.
Bading i kulpenTru ikkje du er ferdig med vala etter å ha vald skule og linje!
Kva med å velje blant desse? Kva med å velje blant desse valfaga; Kickboksing, keramikk, kinesisk knutekunst, gitar, klatring, mote & design, digitalfoto, telemark, snowboard, toving, filmhistorie, klubb for funksjonshemma, personleg trening, dans, massasje, teikneserie, animasjonsfilm, aktuelle nyheiter, svømming, volleyball. Dette er nokre av valfaga vi har hatt dei siste åra. Vi ser det som positivt dersom du fordjupar deg i valfag på tvers av linjefaget ditt.
Det vert fellesturar og linjeturar i regionen, i Noreg og til utlandet. Når elevar frå ulike linjer kjem heim frå langfart, har dei gjerne lyst til å dele opplevingane sine. Då får dei andre vere gratispassasjerar… Du vil også få møte kulturlivet i Ørsta. Vi samarbeider med Rust Klubb og Scene, faktisk favorittscena til fleire kjende artistar og band. Vi bruker også Ørsta Kulturhus og Kino og teatra som ein aktiv del av undervisninga. Er ikkje dette nok, finst det eit utal lag og organisasjonar i området: klatring, idrett, filmklubb, kristelege lag, kor, symfoniorkester, rock og jazzklubb…
Men stort sett klarer vi å lage underhaldninga sjølv!
På elevkveldane går lærarar og elevar saman om programmet. Haustsemesteret vert avslutta med eit storslått juleball. Vi tilbyr eit røykfritt internat, der du bur på tomannsrom. På internatet er du medlem av ein stor familie. Døgnet rundt er det nokon som tek vare på deg og nokon å krangle, le, danse, diskutere og gle deg saman med. Vi deltek med lag i bedriftsserien i fotball.
Å gå på folkehøgskule er også å møte og ta del i ein tradisjon.
Skulen vår og folkehøgskuletradisjonen i Noreg er godt over 100 år gamal. I 1899 vart den første rektoren, Andreas Austlid, henta til Ørsta frå fruktgarden sin i Hardanger av eldsjelene i Sunnmøre frilynde ungdomssamlag. Der drøymde alle om ein ny, levande skule for heile mennesket – slik Christopher Bruun og danske Grundtvig hadde gått i bresjen for.
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons