Kursguide
Utdanning
Søk

Skole > Manger Folkehøgskule

Manger Folkehøgskule

Postadresse: , 5936 Manger
Telefon:
Faks:
E-post:

Se kurstilbud fra Manger Folkehøgskule





Om Manger Folkehøgskule

Kva er ein folkehøgskule ?

 

Folkehøgskulen er ein allmenndannande, eksamens- og pensumfri skule. Dette betyr at skulen sjølv bestemmer fagplanar og arbeidsmåtar Gjennom arbeid og fellesskap vil vi bidra til fagleg og personleg vekst slik at du siste skuledagen kan seia: Eg er eit rikare menneske, eg kan meir, eg veit meir, eg forstår meir, eg bryr meg om meir.

 

Det vert ikkje gitt fagkarakterar. Du må finna andre mål for arbeidet og du må ta ansvar for di eiga læring. Skal ei slik undervisningsform fungera, er det viktig at både lærar og elev har vilje og evne til samarbeid, og at læring skjer ut frå interesse og entusiasme. Det er viktig for oss alle å søkja mot at "lysten driver verket" som Grundtvig, folkehøgskulane sin far, uttrykte det.

 

Folkehøgskulen ønskjer å visa deg nye horisontar, anten målet ditt er orientering for ei yrkesutdanning eller du ønskjer å vidareutvikla ein hobby som kan vera med og gje eit rikare liv. Du vil møta eit sterkt ønskje om at du skal nå måla dine og oppleva å meistra meir enn før. Slike opplevingar vil  forhåpentlegvis føra til at du brukar sjølvtilliten din og søkjer vidare, tek nye utfordringar.

 

Internatliv

 

På folkehøgskulen er internatet minst like viktig som undervisninga. Det å dela rom, møta nye menneske og finna ut av tinga i fellesskap gjev erfaring og kunnskap som er verdifull i utdanning, jobb og privatliv i framtida. Mange elevar knytter livslange venskapsband og gode sosiale nettverk gjennom året på Manger folkehøgskule.

 

Du bur saman med ungdom frå alle kantar av landet og ungdom frå andre land. Alle kjem frå ulike bakgrunnar og miljø og har forskjellige interesser. Saman  skal de bu og leva tett saman eit heilt skuleår. Dette gjev grunnlag for eit spennande og utviklande miljø, samstundes som det set krav til den enkelte elev. Alle må visa respekt  for kvarandre, ta ansvar for felleskapet og respektera dei faste retningslinjene for arbeid og samvær.

 

Dei fleste elevane bur saman to og to på romma. Dersom du ønskjer enkeltrom må du be om dette når du søkjer om skuleplass. Vi har 8 enkeltrom.

 

Manger

 

Manger folkehøgskule ligg vakkert til i eit fritt og ope landskap på Manger i Radøy kommune. Manger er ei middels stor vestlandsbygd som ligg 50 minutt med bil fra Bergen. Skulen ligg midt i Manger ”sentrum” med butikkar, rådhus og kyrkja som næraste naboar. Likevel er det kort veg ut i naturen og det er mogleg å driva med varierte friluftsaktivitetar, t.d. fotturar, sykling, riding, padling, fiske. Idrettshall, symjehall og kunstgrasbane ligg like ved skulen.

 

Bergen

 

Det er fleire bussavgangar til og fra Bergen både kvardagar og i helgene. Bergen har eit rikt og breidt kulturtilbod, eit stort miljø med unge studentar og eit yrande kaféliv som kan minna om ein europeisk storby. Det er konsertar kvar einaste dag heile året og noko for einkvar smak: Klassisk musikk med Bergen Filharmoniske Orkester, teaterforestillingar ved Den Nasjonale Scene og dans fra Carte Blanche. Det er korpskonsertar med dei beste korpsa i landet, variert folkemusikktilbod på ”Colombi Egg”, revyar,  elektronika, jazz, rock, kyrkjemusikk og ei mengd kunstutstillingar for den som er interessert i det.

Bergen er trafikk-knutepunkt for fly, tog, båt (Hurtigruta),

snøggbåt (frå Stavanger og frå Sogn og Fjordane) og for

ekspressbussar både frå nord, aust og sør.

 

Utstyr

 

Skulen er godt utstyrt og elevane kan nytta utstyret også på fritida:

Datarom m/breiband (12 PC-ar), trådlaust internett på heile

området - også på internatet, TV-stove, elevkjøkken,

to velutstyrte lydstudio, fleire piano, el-piano, konsertflygel,

musikkanlegg i dei fleste undervisningsrom, surround-anlegg og

prosjektor i ”A-salen”, mange øvingsrom, bordtennisrom, treningsrom

og ikkje minst ein fantastisk natur!

Elevane får også gratis tilgang til kommunen sin idretts- og symjehall.

Offentleg bibliotek ligg også like ved skulen.



Se kurstilbud fra Manger Folkehøgskule


Ja takk! Send meg gratis info om kurstilbud fra Manger Folkehøgskule
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Vil vite mer om *

Firma

Navn *

Send helst info på *




E-post *

Telefon *

Adresse

Postnummer og sted

Kommentarer og spørsmål
Number: 1+2 *
Send henvendelse

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Manger Folkehøgskule vil snart kontakte deg




Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook