Norsk Nettskole
| Postadresse: | Kårstadvegen 5, 6100 Volda |
| Telefon: | |
| Faks: | |
| E-post: |
Se kurstilbud fra Norsk Nettskole
Om Norsk Nettskole
Norsk Nettskole AS er eit heileigd dotterselskap av AV-senteret AS.
AV-senteret AS er eit kommunalt selskap der kommunane Sande, Sykkylven, Vanylven og Volda eig alle aksjane.
Norsk Nettskole er ein godkjend frittståande fjernundervisningsinstitusjon.
Medlem i Norsk Forbund
for Fjernundervisning
Selskapet har som mål at alle tilbod skal halde høg kvalitet både teknisk og pedagogisk.
Til grunn for den pedagogiske verksemda, ligg trua på at mennesket sjølv må bygge eigen kunnskap ut frå den informasjonen og dei erfaringane det har tilgang til. Dette skjer best i samarbeid og samhandling med andre menneske. Selskapet vil legge til rette for at slik samhandling skal ha høg kvalitet også ved bruk av fjernundervisning og moderne teknologi.
Selskapet
* tilbyr grunnutdanning gjennom Globalskolen, ca 10 kurs etterutdanning, og vidareutdanning opp til 30 studiepoeng i samarbeid med Høgskulen i Volda. Moderne informasjonsteknologi blir brukt som reiskap.
* vil både utvikle eigne tilbod og tilby utdanning i samarbeid med private og offentlege institusjonar.
* tek på seg oppdrag med å legge til rette nettbasert læring for offentlege og private institusjonar.
* vil heile tida utvikle, og nytte moderne didaktisk tenking og metodikk knytt til nettbasert læring. Denne kompetansen blir stilt til rådvelde for andre gjennom ei rettleiingsteneste for skule- og organisasjonsutvikling, der etter- og vidareutdanning er ein del av tilbodet.
* tilby pedagogisk og teknisk rettleiing til kommunar og skular som vil ta i bruk informasjonsteknologi i opplæringa.
* utviklar, formidlar og sel nye læremiddel med vekt på lyd, bilde og multimedia, og utviklar nye og eksisterande læremiddel slik at dei kan nyttast saman med moderne informasjonsteknologi.
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons