Voss Resort Fjellheisar
| Postadresse: | Pb: 106, 5701 Voss |
| Telefon: | |
| E-post: |
Se kurstilbud fra Voss Resort Fjellheisar
Om Voss Resort Fjellheisar
Fakta om Voss Resort Fjellheisar
Voss Fjellheisar har ei lang og ikkje minst viktig historie å fortelle. Skisenteret fekk det tredje første skitrekket i Noreg og hadde i en periode den største heiskapasiteten i Nord-Europa. Store mesterskap og kjente skiaktørar som Kari Traa og Ingemar Stenmark har vore med på å skape Fjellheisane si glitrande historie.
Spanande historie
I 1947 vart det første skitrekket i Bavallen satt opp. Det var det tredje skitrekket som vart oppført i Noreg. Selskapet som den gong eigde skitrekket heitte L/L Voss Skitrekk, men vart overteke og drifta av Voss Ski- og Fjellheisar i 1963. På slutten av 60- talet byrja Voss Ski- og Fjellheisar å tenkje på å bygge ein heis fra Bavallen og opp på Hanguren. Kapasiteten var sprengt, og det var eit stort ynskje om å lose fleire gjester til toppen på kortare tid. På nyårsdagen i 1973 vart Bavallsheisen opna med stor fest. Med den nye heisen hadde skianlegget ein total kapasitet på 2600 personar i timen, og på denne tida var det ingen andre i Nord-Europa som var så store.
8. januar 2007 opna vår nye ekspressheis i Bavallen. Denne heisen åleine har ein kapasitet på 2600 personar i timen, og frakter deg til toppen på berre fem minutt! Voss Resort Fjellheisar vart teke over av Norlandia i desember 1999, og er dermed ein del av totalsortimentet til Norlandia Hotels & Resorts.
Kjente meisterskap gjennom tidene - nokre smakebitar:
World Cup Alpint i 1970, 1974, 1978 og 1981.
World Cup Freestyle vart arrangert i 2007 for sjuande gong.
Ingemar Stenmark slo igjennom på Voss som 18-åring i 1974 og vant World Cup i 1981.
Kari Traa kjem frå Voss, og har World Cup og OL-meisterskap å skilte med.
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons