Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
”Aktiv læring i eit inkluderande og stimulerande miljø” er skulen sin visjon. Målet er å skape eit godt miljø for læring med aktive elevar i eit trygt og inkluderande skulemiljø. Elevar og tilsette har eit felles ansvar for arbeids- og læringsmiljøet. Frå hausten 2007 vert Kunnskapsløftet innført på 2. året i vidaregåande skule. Reforma medfører nye utdanningsprogram og nye læreplanar i faga.
Dei nye læreplanane i Kunnskapsløftet legg stor vekt på digital kompetanse, og elevar på Vg1 får berbar PC frå hausten 2007. På Vg2 held SIKT-prosjektet fram. Er du elev på Vg2, skal du ha gratis læremiddel og får difor utlevert lånebøker. Du kan òg søkje stipend til anna utstyr t.d. verneutstyr.
Elevmedverknad i skulesamfunnet er viktig. Vi legg til rette for at du skal få høve til det gjennom elevrådet, skulemiljørepresentantane, du kan gje tilbakemelding til skulen gjennom elevsamtaler og ”Elevundersøkinga”. I forskriftene til opplæringslova er det heimla at skulen skal leggje til rette for at du kan delta aktivt i å planleggje, gjennomføre og vurdere læringsarbeidet. Vi håpar at du vil nytte tilbodet som du har til å delta aktivt på ulike arenaer i skulesamfunnet.