Modul 1: påbudt dokumentert grunnkunnskap for førarar av kran og truck og masseforflyttingsmaskiner.
G11: Eit stroppe- og anhukerkurs vil gje deg som skal arbeide med løftereiskaper kunnskap om sikkerheit, daglig kontroll, vedlikehald og kasseringsreglar for ulike løftereiskap. Du vil lære gode rutinar for sikring av last og signalgjeving. Du vil etter kurset og ha ei bevisst haldning til farer som kan oppstå og korleis ein unngår desse.
Du treng stroppe- og anhukerskurs G11 som grunnlag for vidare kurs om kran.
Innhald modul 1:
- sikkerheitsopplæring
- lover og forskrifter
- arbeidsulukker og ansvar og konsekvensar
- ytre miljø, miljøvern
- sikkerheit ved bruk av arbeidsutstyr
- farleg gods, merking og handtering
Innhald G11:
- innleiing til løfteredskap
- oppbyggjing, merking og sertifisering av løfteredskap
- andre typar løfteredskap og arbeidsutstyr
- løftetabellar
- signal og teikn
- praktisk bruk av løfteredskap
Kurset vert avslutta med ein teoretisk prøve for begge modulane.
G4 Bro- og traverskran grunnkurs består av modul 2.7 og 3.7. For å fullføre kurset må ein avlegge og bestå en teoretisk eksamen.
Riktig bruk av traverskran har stor betydning for sikkerheiten for kranfører og anna personell som deltek i løfteoperasjoner. Feilvurderingar kan få store konsekvensar og føre til alvorlege skadar på kranførar, øvrig personell samt materiell og omgjevnader.
Innhald
- Innleiing med krav til førar
- Bruksområder for traverskraner
- Ulykker med bro- og traverskraner
- Oppbygging av ulike typar
- Elektrisk anlegg på bro- og traverskraner
- Sikkerhetsbrytarar
- Ståltau/blokk
- Sertifisering/dokumentasjon
- Kontroll og vedlikehald
- Hovedkomponentar
- Kontrollpunkt
- Overlastsikkerheitsutstyr
- Praktisk bruk av løftereiskap
- Køyreteknikk
6/12 kl. 08.00 - 17.00
7/12 kl. 08.00 - 17.00
8/12 kl. 08.00 - 17.00
Dersom ein vel praksis i opplæringsbedrift, oppkøyring inkludert kjem det eit pristilegg på kr 8000,-. Her treng ein min. 5 deltakarar. Informasjon om dato blir gitt direkte til dei det gjeld.
Kontakt oss