Dansekurs
Dans for voksne
Folkedans og gammeldans
Bergen
Du har valgt: Årstad
Nullstill
Filter
Ferdig

-

1 treff ( i Årstad ) i Folkedans og gammeldans
 

1 år
På forespørsel
Er du nysgjerrig på mylderet av folkedansar vi har i Noreg? [+]
Vil du dansa mykje og bli ein betre dansar, lære korleis ein brukar dansen i forestillingar, og i tillegg utvikle deg på eit instrument? På Folkedanslinja får du utvikla deg som dansar og du får auka kunnskapen din om folkedans. Du får også eit heilt spesielt år i livet ditt - eit år du aldri vil gløyme, med mange danse- og musikkopplevingar i lag med nye vener. Du får undervisning i eit rikt repertoar med vekt på den norske folkedansen: bygdedansar (m.a. springarar, pols og halling), runddansar (vals, reinlender, polka og masurka), turdansar, songdansar og songleikar. I tillegg arbeider vi med samanhengen dans/musikk og scenisk folkedans. Vi går også inn på generelle dansetekniske tema; rotasjon, balanse, kroppsføring, fall og samdans. Det kan bli innslag av svenske polskaer og folkedans frå Europa. Du vil møte tradisjonsberarar innan dans både "live" og gjennom arkivopptak. Vi gjer bruk av filmkameraet aktivt på oss selv når vi danser. Sidan vi dansar mykje, er det særs viktig med god oppvarming og uttøyning. Vi har også ein del styrketrening.  Du får undervisning i folkedans-og folkemusikkhistorie og innføring i rytmelære for å lære bakgrunn for dansane, begrep og for å få oversikt over tradisjonane. Dei som ynskjer det får også individuelle timar på valfritt hovudinstrument, også song.  Skuleåret er delt inn i bolkar på ei til tre veker, der ein fordjupar seg i eit tema. Tema vil variera etter kva gjestelærar som er på besøk, og etter kva ein driv med elles på skulen. Folkedanslinja er det einaste folkehøgskuletilbodet innan folkedans i Noreg, og har derfor knytt til seg dei beste dansepedagogane. Vi har til no brukt gjestelærarar som: Martin Myhr, Vegar Vårdal, Hallgrim Hansegård, Leif Stinnerbom, Sigurd Klausen, Sigurd Johan Heide, Silje Onstad Hålien, Arne Sølvberg, Ulf Arne Johannesen og Gunnlaug Lien Myhr. Om lag åtte av desse vert nytta som gjestelærarar kvart år. Vi har også spelemenn på besøk innimellom. I tillegg dreg vi gjennom året på ei rekkje spanande ekskursjonar, forestillingar, konsertar, prosjekt av ymse slag, samt faste turar til folkemusikkpøbben Columbi Egg i Bergen, Noregs mest aktive folkemusikklubb. Vi lagar og fleire danseprogram som blir vist på turnear, avslutningar og huskonsertar. Folkedanslinja har eit eige folkedansrom på skulen der vi dansar. Her har vi eit stort cd-arkiv med folkemusikk og er elles bra utstyrt med musikkanlegg, speilvegg, dvd- og vhs-spiller, prosjektør og skoskap. På kveldstid er det ledige øvingsrom for både dans og musikk på skulen. Bergen er ikkje langt unna med et rikt tilbud innen folkedans og folkemusikk. Her kan ein hive seg med på kveldstid. Nytt av året er at vi vil samarbeide med folkemusikklinja ved Fana folkehøgskule, Noregs einaste folkemusikklinje ved ein folkehøgskule. Vi planlegger mellom anna felles studietur til Budapest for å gå på ”dansehus” og oppleve eit annet lands levande danse-og musikkmiljø, og muligens en kortare fellesturne saman. Det er ein fordel om du har dansa ein del frå før, men det er interessa for folkedans som er viktigast! Du vil få utfordringar utfrå kva nivå du er på. Folkedanslinja har gode rabattar på dansesko i Bergen, og litt rabatt på bøker om norsk folkedans.   ”Året på folkedanslinja har gjort mykje for meg som dansar: med flinke lærarar, gode klassekameratar og gjennom opplevelsesrike turar har eg opplevd enorm glede og framgang i dansen”. Ingvild Fosse – Elev 2006/2007 [-]
Les mer