Humanistiske fag
Kunsthistorie
Hordaland
Du har valgt: Kvinnherad
Nullstill
Filter
Ferdig

-

1 treff ( i Kvinnherad ) i Kunsthistorie
 

1 år 75 900 kr
På forespørsel
Rablar du alltid i timane på skulen? Eller lagar du rare krusedullar medan du snakkar i telefonen? [+]
Ser du situasjonar eller fargar du tenkjer at - dette skulle eg gjerne ha malt? Går du rundt med idear og tankar om kreative prosjekt du har lyst til å få prøvd ut? Eller kanskje du rett og slett har lyst til å bli flinkare til å teikne, male og fotografere? Linja 2dimensjonalt på Hardanger folkehøgskule vil hjelpe deg å kome vidare med draumane dine. Vi tilbyr solid og variert undervisning i teikning, maling, foto, grafikk og skulptur. Utgangspunktet vårt er at alle elevane blir med på eit innføringskurs i dei viktigaste sidene ved dei ulike teknikkane og materiala vi arbeider med. Deretter gir vi individuell undervisning ut frå dei ynskja og det nivået den enkelte er på.  Vi legg og vekt på at du skal få utvikla ditt eige uttrykk, og finna fram til arbeidsmåtar du kjenner høver for deg.   For å avslutte og oppsummere arbeida våre lagar vi utstilling. Vi nyttar kvalitetsmaterialar og utstyr og legg større vekt på kvalitet enn på kvantitet i forhold til kva vi kjøper inn. Vi samarbeider aktivt med kunstnarar i nærområdet, og dreg på studieturar for å få inspirasjon og idear. Den fyrste tida vil øvingane og undervisninga ta utgangspunkt i figurative uttrykk, men seinare vil vi arbeida med meir eksperimentelle og abstrakte arbeidsmåtar.   Vi arbeider med: Teikning:  blyant, kol og krittMaling:  akvarell og acrylGrafikk:  linosnitt, tresnitt og monotypiDigital foto:  bildebehandling - bildepresentasjonAnalogt foto:  framkalling og kopiering - svart kvittSamarbeidsprosjekt:  heile klassen lagar eit kunstuttrykk samanKjennskap til viktige kunstnarar og stilartar Utstillingar:  vi lagar fleire utstillingar gjennom året Turar: Studietur til London + fleire kortare turar [-]
Les mer