Alle kategorier
Du har valgt: Landbruk og naturbruk
Nullstill
Filter
Ferdig

-

7 treff i Landbruk og naturbruk
 

Nettbasert kurs 8 timer 1 250 kr
Dette er et kurs for skogeieren som er interessert i å finne ut om bioenergi kan være et aktuelt satsingsområde – og til andre som ønsker en innføring i dette fago... [+]
Kursets overordnete målsetting er at du som deltaker skal få en forståelse for hva bioenergi er og hvordan den kan utnyttes. Videre skal du etter kurset kunne gjøre en vurdering av om det er aktuelt å investere i et bioenergianlegg.   Sentrale temaer i kurset er:• Fra biomasse til biobrensel• Fra biobrensel til biovarme• Ressurser, marked og økonomi   Fagstoffet i nettkurset bygger primært på boka: Bioenergi – miljø, teknikk og marked, utgitt av Energigården. Denne boka dekker langt flere emner enn det nettkurset tar for seg, og kan derfor benyttes til senere fordypning for de som ønsker det.   Gjennom det nettbaserte læringsmiljøet vil du som kursdeltaker også få tilgang til annet fagstoff, videoer, interaktive tester og oppgaver. Du vil bli fulgt opp av en faglig veileder gjennom kurset. Etter endt kurs vil du motta et kursbevis som dokumentasjon på hva du har gjennomført. Arbeidsmengden til fjernundervisningskurset anslås til 8-12 timer. [-]
Les mer
2 år
På forespørsel
Vg1 Naturbruk, blå variant, er for den som er glad i natur og friluftsliv, og som samtidig ønsker ei utdanning knytt til fiske og fangst eller oppdrett av fisk og skall... [+]
Vg1-året er praktisk rettet med 2 ukedager - eller om lag 15 skoleuker - satt av til praktisk opplæring innen programfagene. Dette omfatter bl.a. Sikkerhetsopplæring IMO-60, dykkersertifikat og ulike sjøsportsaktiviteter ved siden av ferdigheter i behandling av båt, redskap og fangst.Målet for utdanningen er å gi grunnleggende kunnskap om maritime yrker som grunnlag for jobb om bord, på oppdrettsanlegg eller for videre utdanning i høgskole/universitet.   Naturbasert produksjonI faget naturbasert produksjon får elevene kjennskap til hvordan en kan utnytte de ressursene som er i våre områder. Det blir gitt opplæring i grunnleggende teknikker for å fiske med f.eks. Garn, line, not og trål. Målet er at elevene på egenhånd skal utføre alle nødvendige arbeidsoperasjoner som følger med de ulike fiskeriene. Som en del av praksisopplæringa ved skolen er elevene utplasserte på fiskebåter, fiskeribedrifter og oppdrettsanlegg i noen uker i løpet av skoleåret. I faget får elevene også lære seg knuter, spleising av tau og wire, samt bøting av not. Vedlikehold av maskiner, motorer, båter og utstyr hører også med ved siden av sammenføyingsteknikker og behandling av ulike materialer. Mye av dette skjer gjennom vedlikehold av skolen sine båter og utstyr.   Naturbasert aktivitetI faget naturbasert aktivitet får elevene grunnleggende kunnskaper om å bruke naturen som basis for praktisk arbeid bl.a. på sjøen. Distriktet rundt skolen har variert natur som blir brukt i undervisningen. Det blir gitt tilbud om dykking, segling, vannski og liknende aktiviteter. [-]
Les mer
2 år
På forespørsel
Målet med programmet er å gi deg innsikt i og oversikt over fagområdet fiskeribiologi, med vekt på korleis utnytting og andre ytre faktorar verkar på dei levande res... [+]
Målet med programmet er å gi deg innsikt i og oversikt over fagområdet fiskeribiologi, med vekt på korleis utnytting og andre ytre faktorar verkar på dei levande ressursane i havet. Når du har gjennomgått programmet, skal du ha fått grunnleggjande kunnskapar om systematikk, anatomi, fysiologi, åtferd, utvikling, livshistorie og økologi hos fiskar og om oseanografi og marine økosystem. Du vil også ha ei basal forståing av populasjonsstrukturen til fiskestammar, funksjonane og seleksjonsmønstra til fiskereiskapar, strategiar for utnytting av fiskestammar frå utvalde økosystem og enklare populasjonsdynamiske modellar i tillegg til kunnskap om korleis økologiske faktorar saman med fiskeri påverkar utviklinga av fiskestammane. Du vil også få praktisk erfaring frå fiskeribiologisk arbeid i laboratoriet, i felt og på forskingsfartøy. I tillegg vil du ha erfaring frå gjennomføring av eit forskingsarbeid basert på materiale som er innsamla i laboratorium eller felt, alternativt på tidsseriar av biologiske data. Masteroppgåva kan også vere basert på utvida litteraturstudium. Oppbygging av studiet Masterprogrammet i fiskeribiologi og forvalting omfattar ei sjølvstendig vitskapleg oppgåve på 60 studiepoeng og emne eller spesialpensum på til saman 60 studiepoeng. Masteroppgåve I samråd med rettleiaren din skal du velje ei masteroppgåve som svarer til 60 studiepoeng. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse og lage ein framdriftsplan som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva. Oppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Tema i oppgåva kan veljast innanfor forskingsområda til dei aktuelle rettleiarane. Metode I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sida av teoretiske og eksperimentelle studiar. Yrkesvegar Studiet skal gjere deg godt skikka for arbeid i offentleg forvalting, næringsliv og i skoleverket (dersom du i tillegg har praktisk-pedagogisk utdanning) - samt gi eit godt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innanfor fiskeribiologi og tilgrensande fagfelt med moglegheiter for forskarstillingar ved universitet, høgskolar og forskingsinstitutt som Havforskingsinstituttet. [-]
Les mer
3 år
På forespørsel
På TOMB vil det være mulig å velge en profil innenfor programfagene: Hest, Friluftsliv eller Landbruk/agronomi [+]
[-]
Les mer
5 år
På forespørsel
  Gjennom forskingsbasert undervisning skal du lære om biologien til akvatiske organisma... [+]
  Gjennom forskingsbasert undervisning skal du lære om biologien til akvatiske organismar, om patogen og om innverknad av miljøfaktorar, dvs. om forhold som kan medføre utvikling av sjukdom og skade. Du skal lære framtidsretta og formålstenlege metodar for diagnostikk, samt få grundig innsikt i førebygging og behandling av sjukdom og skadar hos akvatiske organismar.   Utdanninga innan fiskehelse har ein naturvitskapleg basis og profil, og skal dekkje eit breitt spekter som omfattar virke innan havbruksnæringa, fiskehelsetenesta, forvalting, samt utdannings- og forskingsinstitusjonar. Vidare skal utdanninga famne om den primære fiskehelsetenesta og gi innsikt i organisering og lovverk som er knytte til oppdrett og sjukdom. Studiet skal vere med på å skjerpe dine etiske refleksjonar og medvitet ditt når det gjeld dyrehald og dyreforsøk. Vidare skal det fremje respekt og forståing for biologiske forhold og gi innsikt i globale miljø- og helseperspektiv.   Gjennom fagleg fordjuping skal du utvikle ein sjølvstendig og kritisk vitskapleg tenkjemåte og medviten tilnærming til, tolking og framstilling av forskingsresultat. Oppbygging Profesjonsstudiet i fiskehelse skal tilfredsstille dei krava som blir sette til autorisasjon som fiskehelsebiolog, og det blir derfor stilt strenge krav til innhaldet i studiet. Dette er også grunnen til at dei fleste elementa i studieplanen er obligatoriske.   Studieprogrammet startar med emna ex.phil., matematikk og kjemi. Dette skal skape eit grunnlag for vidare studium. I det andre semesteret held du fram med emne i zoologi og molekylærbiologi, og eit valemne. I zoologi lærer du om det biologiske mangfaldet i dyreriket, om systematikk og om korleis dyreriket er bygd opp og tilpassa miljøet.   Molekylærbiologi gir innsikt i biokjemiske prosessar, med særleg vekt på oppbygginga og maskineriet til cellene, genar og genteknologi. Som valemne kan du ta innføring i evolusjon og økologi, der du lærer om den moderne utviklingslæra ved å ta i bruk genetiske, økologiske og molekylære tilnærmingar.   Det tredje semesteret inneheld, i tillegg til eit valemne, emna mikrobiologi og fysiologi. Mikrobiologi fokuserer på biologiske funksjonar i mikroorganismar og på mangfaldet og den rolla dei speler i naturen. Fysiologi har menneskekroppen i fokus og omhandlar dei grunnleggjande livsprosessane. Som valemne vil vi rå deg til å ta eit brukarkurs i statistikk.   I det fjerde semesteret av programmet blir kunnskapen integrert i dei to emna økologi og marine økosystem. Her granskar vi samanhengar og prosessar i dyre- og plantebestandar, samfunn og økosystem, og globale mønster både i vatn og på land. I tillegg tek du også eit emne i fiskebiologi der du lærer om systematikk og fiskeanatomi.   I det femte semesteret startar spesialiseringa i havbruk og fiskehelse. Du får ei innføring i havbruksbiologi, ernæring hos fisk og fiskefysiologi. Vidare vil du i det sjette semesteret halde fram med ein praksisperiode i havbruksnæringa, og med undervisning om etikk og velferd hos akvatiske organismar. Det blir også gitt ei innføring i forvalting og lovverk. I tillegg tek du eit emne i bakteriologi om korleis bakteriar, sopp og ikkje-infeksiøse sjukdomar påverkar havbruksnæringa.   I det sjuande og åttande semesteret fordjupar du deg i alle dei aspekta som heng saman med helse og sjukdom hos akvatiske organismar (virus, bakteriar, sopp og parasittar) . Du lærer om korleis sjukdom påverkar fisken, om førebyggjande tiltak og diagnostikk, og om korleis ein behandlar sjukdom.   Det blir også gitt ei innføring i farmakologi som gir deg ei oversikt over kjemikaliar og legemiddel som blir brukte i havbruk, korleis desse påverkar organismen og miljøet, samt ei innføring i lovverk som regulerer bruken av legemiddel. I tilegg får du ei innføring i korleis vasskvaliteten påverkar fisken.   Du får også ein praksisperiode i fiskehelsetenesta. I dei to siste semestra skriv du ein masteroppgåve om eit aktuelt emne innan fagfeltet. Du kan velje om du vil ta ei oppgåve på eitt eller to semester. Viss du vel ei oppgåve på eitt semester, tar du i tillegg kurs/spesialpensum/praksis i eit ekstra semester.   Profesjonsstudiet i fiskehelse vil da sjå slik ut:   10. semesterOppgåveskriving   9. semesterSemesteroppgåve/ 0ppgåveskriving Praksis/ Oppgåveskriving Oppgåveskriving   8. semesterFiskesjukdomar - VirologiFiskesjukdomar - FarmakologiPraksis Fiskesjukdomar - Vasskvalitet   7. semesterFiskesjukdomar - Immunologi Fiskesjukdomar - Parasittar Fiskehistopatologi   6. semesterPraksisperiode, lovverk og forvalting i havbrukEtikk og velferd hos akvatiske organismar Fiskesjukdomar - Bakteriar, sopp, ikkje- infeksiøse sjukdomar   5. semesterInnføring i havbruksbiologi Ernæring hos sk Fiskebiologi II - Fysiologi   4. semesterØkologi Marine økosystem Fiskebiologi I - Systematikk og anatomi   3. semesterMikrobiologi Fysiologi Val   2. semesterMolekylærbiologi Zoologi Val   1. semesterEx.phil. Matematikk Kjemi   Studentar som har oppnådd mastergraden i fiskehelse, kan få tittelen fiskehelsebiolog (Aquamedicine biologist), som er verna av lovverket. Rett til å bruke denne tittelen får ein etter søknad om lisens til Mattilsynet. Fiskehelsebiolog er sidestilt med veterinærtittelen og i norsk lovverk, og ein vil få same rettane som veterinærar når det gjeld å behandle sjukdomar hos akvatiske organismar spesielt i havbruksnæringa. Dei første 2-3 åra av studieprogrammet er integrerte med bachelorprogrammet i havbruk og dermed også delvis med bachelorprogrammet i biologi. Viss du er teken opp på bachelorprogrammet i havbruk og følgjer undervisninga der, kan du søkje om overgang til masterstudiet i fiskehelse i løpet av det siste semesteret av bachelorstudiet ditt. Utveksling Innhaldet i profesjonsstudiet i fiskehelse skal tilfredstille dei krava som blir sette til autorisasjon som fiskehelsebiolog, og vi har derfor ikkje eit tilrettelagt utanlandsopphald i graden. Du kan likevel få hjelp av oss til å finne eit særskild delstudium ved eit av våre samarbeidsuniversitet som kan integrerast i profesjonsstudiet. Yrkesvegar Gjennomført masterprogram i fiskehelse gir rett til tittelen fiskehelsebiolog. Dette er ein tittel som er verna av lovverket, og som kvalifiserer for arbeid i havbruksnæringa, fiskehelsetenesta, forvalting, og institusjonar innan utdanning og forsking. Utdanninga kvalifiserer også til vidare doktorgradsstudium. [-]
Les mer
Nettbasert kurs 2 år 18 kr
Studiet rettar seg mot landbruket og andre bygdenæringar. [+]
Landbruksøkonomi og leiing- bli mei profesjonell i rolla som bedriftsleiar Ramevilkåra endrar seg raskt i norsk landbruk - og bonden si rolle som driftleiar blir viktigare og viktigare. HLB tilbyr difor eit økonomistudium målretta mot alle som har sitt virke innan landbruk og bygdenæringar. Målet er å gjera studentane profesjonelle i rolla som bedriftsleiarar. Her får ein læra å kartleggja ressursane i ei bedrift, anten det er ein gard eller ein annan organisasjon.   Studiet passar godt t.d. for bønder som ønskjer å utvikla alternative driftsopplegg, eller som ser for seg ein yrkesaktiv periode etter at dei har gitt frå seg garden. Men sjølvsagt og for dei som har, eller ønskjer seg arbeid innan rekneskapsføring/rådgjeving m.m. Hausten 2008 tek vi sikte på å starte opp ei økonomiklasse på Austlandet. Stad er ennå ikkje bestemt, men interesserte frå denne delen av landet bør ta kontakt snarast råd, slik at vi kan ta omsyn til dette i den vidare planlegginga.   Hovudemna i studiet er rekneskapsforståing, rettslære, bedriftsøkonomisk analyse, landbruksøkonomi , driftsleiing, investering/finansiering og internasjonalisering.   Mål for studiet er å gjere studentane meir profesjonelle i rolla som bedriftsleiarar. Noko som  m.a. inneber: - å utvikle kunnskap om korleis ein kan setje seg mål for ei optimalisering av drifta ut frå fysiske og menneskelege ressursar, og på denne måten medverke til god dagleg styring av verksemda  - å utvikle kunnskap om økonomiske, politiske og juridiske rammevilkår for drifta, nasjonalt og internasjonalt - å utvikle kunnskap om verknader av investeringar slik at ein i størst mogleg grad gjer dei rette investeringane i rett tid - å utvikle ei medviten haldning til bruken av rekneskap og rådgjevingstenester på ein god og kostnadseffektiv måte.       [-]
Les mer
2 år
På forespørsel
Målet med programmet er å gi deg innsikt i og oversikt over fagområdet fiskebiologi. [+]
  Målet med programmet er å gi deg innsikt i og oversikt over fagområdet fiskebiologi. Du som gjennomgår programmet skal få god kjennskap til marinbiologi og i tillegg spesialisere deg innanfor fysiologi og anatomi, fiskeåtferd, genetikk og systematikk eller larveøkologi. Du skal også få opplæring i å gjennomføre ein sjølvstendig vitskapleg studie. Oppbygging av studiet Innanfor masterprogrammet i fiskebiologi kan du velje mellom tre spesialiseringar. For alle spesialiseringane er emna i tabellen nedanfor obligatoriske. I tillegg kjem desse obligatoriske emnepakkane for dei enkelte spesialiseringane: Fysiologi og anatomi: BIO305 Metodar i celle- og utviklingsbiologi, BIO291 Fiskebiologi II - Fysiologi Fiskeåtferd: MAR210 Akvatisk økologi, MAR337 Fiskeåtferd Larveøkologi: MAR210 Akvatisk økologi, MAR351 Marin yngelproduksjon, MAR338 Fiskelarveøkologi Masteroppgåve I samråd med rettleiaren din skal du velje ei masteroppgåve som svarer til 60 studiepoeng, men du kan også skrive ei oppgåve på 30 studiepoeng. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse og lage ein framdriftsplan som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva. Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Tema i oppgåva kan veljast innanfor forskingsområda til dei aktuelle rettleiarane. Metode I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sida av teoretiske og eksperimentelle studiar. Yrkesvegar Mange biologar arbeider innanfor natur-, miljø- og ressursforvalting, forsking, havbruk, skoleverk, industri, miljøorganisasjonar og medie- og konsulentverksemder. I dei fleste tilfella opnar det seg langt fleire moglegheiter for dei som har fullført masterprogrammet. Studiet skal gi eit godt grunnlag for arbeid innanfor offentleg forvalting, næringsliv og skoleverk og for vidare doktorgradsstudium innanfor fiskebiologi og tilgrensande fagfelt. [-]
Les mer

Lukk Denne siden benytter seg av informasjonskapsler (cookies).
Du kan fortsette å bruke siden som vanlig hvis du godtar dette. Les mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
;