Psykologi
Psykisk helse
Psykisk helsearbeid
Sogn og Fjordane
Du har valgt: Førde
Nullstill
Filter
Ferdig

-

1 treff ( i Førde ) i Psykisk helsearbeid
 

2 år
På forespørsel
Sosial- og helsedirektoratet har utarbeida fagskuleplanar for helse- og sosialfag med ulike fordjupingsområde [+]
Fagskulen i Førde tilbyr NOKUT-godkjent 2-årig deltidsstudium i helsefag innan fordjupingsområdet psykisk helsearbeid. Utdanninga består av 4 teorimodular og ein praksisdel på 10 veker.   Kurskode FHH015FH Utdanninga omfattar forebyggande arbeid, behandling og rehabilitering i forhold til alle aldersgrupper og alle grader av psykiske problem og lidingar. Sjølv om denne videreutdanninga i utgangspunktet skal gi studentane ein breiddekompetanse, er det viktig at dei får ein viss djupnekompetanse på det spesifikke knytt til psykisk helsearbeid.Dette er av hensyn til å oppnå tilstrekkeleg tryggleik som yrkesutøvarar i møtet med mennesker med psykiske lidingar.   Målet for utdanninga er å gi studentane ein tverrfagleg breiddekompetanse innafor psykisk helsearbeid der det tverrfaglege, heilskapstenkinga og brukarperspektivet er spesielt vektlagde prinsipp. Utdanninga har som mål å gi studentane grunnleggjande fagkunnskap som er relevant for psykisk helsearbeid i kommunal verksemd og ulike former for psykiatriske institusjonar. Studentane skal vere i stand til å forstå sin eigen praksis og nytte kunnskapsbaserte metodar og tiltak.   Delmåla i kvar modul er styrande for utforminga av det faglege innhaldet og arbeidsformene. I psykisk helsearbeid er mange ulike fagpersonar involvert i førebyggjande, behandlande og rehabiliterande arbeid. For å oppnå eit godt resultat i arbeidet rundt den enkelte brukaren, er det viktig at alle arbeider mot eit felles mål. Det er derfor viktig at alle fagpersonar er klar over kor viktig tverrfagleg arbeid er, også den personalgruppa som fagskuleutdanninga er aktuell for: hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, aktivitørar og andre, som ofte er den personalgruppa som brukar mest tid saman med brukarane.   [-]
Les mer

Lukk Denne siden benytter seg av informasjonskapsler (cookies).
Du kan fortsette å bruke siden som vanlig hvis du godtar dette. Les mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
;