Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
Om fagskulen i Førde
Fagskulen i Førde vart etablert i 1968, og har dermed 40-års jubileum i år. Den tilbyr høgaste utdanning du kan ta i Sogn og Fjordane, innan Elkraft, Bygg/Anlegg, Maskin og Bil.
Skulen har også tilbod innan nettbasert utdanning. Vi har starta opp 1-årig helsefagsutdanning. Norges Bilbransjeforbunds Fagskuleutdanning har sentrum her, og i Trondheim. Fagskulen i Førde kan også reknast som eit kurssenter for offentleg og privat næringsliv.
Fleksibel utdanning
Fagteknikarutdanninga er delt i modular og tek normalt 2 år. Ein kan "plukke" fag og modular over lengre tid, dersom ein ønskjer å vere fullt eller delvis i arbeid under studiet. Nokre bedrifter er så interesserte i å "oppgradere" arbeidstakarane sine at dei gjev dei fri med lønn, ein eller fleire dagar i veka, slik at dei kan studere tekniske fag. Det kan vere eitt eller fleire fag, enten på skulen, over internett eller i ein kombinasjon.