Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
Historie
Hausten 1999 undersøkte Einar Hagen og Per Åke Evjestad moglegheitene for å starte golfklubb i Lærdal. Saman med Ingebrigt Wangensteen Gjerde, Olav Ørbeck Mo og Helge Tønjum hadde dei fleire møter. Dei tok også kontakt med Norges Golfforbund og Sogn og Fjordane Idrettskrets for rettleiing. Ved juletider hadde dei stand på langopedagen i Lærdal, der også pressa var tilstades. 25 medlemar teikna seg som medlemar.
Den 01.01.2000 blei "Lærdal Golfklubb" skipa, og skipingsmøte vart halde hjå Einar Hagen. Følgjande blei valgt inn i styret som skulle sitta til årsmøtet 2001: Einar Hagen(leiar), Olav Ørbeck Mo(nestleiar), Per Åke Evjestad(sekretær), Helge Tønjum(kasserar), Ingebrigt Wangensteen Gjerde(styremedlem), Morten Asperheim(vara) og Elbjørg Tønjum(vara). Klubben vart teken opp i Norges Golfforbund den 4. februar same året.