Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
På Vereide i Nordfjord finn du friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord, Nordfjord folkehøgskule. Skulen ligg i storslått Vestlandsnatur, og forholda ligg godt til rette for eit allsidig friluftsliv.
Gjennom mange år har skulen utvikla solid erfaring og kompetanse innan friluftsliv, og vi har i dag sju ulike friluftslivlinjer. Vi er den einaste folkehøgskulen i Sør-Norge som er ein rein friluftslivskule. Skulen har ein internatkapasitet på inntil 120 elevar.
Gjennomsnittsalderen dei siste åra har vore 19 år, og vi no har i mange år hatt omlag like mange gutar som jenter. Eit stort fleirtal av elevane er ferdige med vidaregåande skule før dei kjem hit.
Skulen byggjer på kristne grunnverdiar og lærarane som arbeider her har eit kristent livssyn. Skulens eigar er Sogn og Fjordane region av Normisjon.
Mål:
* Vi vil legge til rette for kristen tru og vekst
* Vi vil inspirere til ein gjennomtenkt livsstil.
* Vi vil formidle kunnskap.
* Vi vil skape glede over naturen og glede i naturen.
* Vi vil vere trygge og gjere andre trygge.
Denne målsetjinga gjev retningslinjer for verksemda ved skulen.
Nordfjord folkehøgskule starta opp i 1923. Da var det pionerar i misjonsarbeidet i Nordfjord som stod bak reising av skulen. Den kjende predikanten Mathias Orheim var ein av pådrivarane i oppstarten. I dag, over 80 år etter, er målsetjinga den same. Verdiar som likeverd, respekt og omsorg skal stå sentralt i alt vi gjer, og vi håper du vil merke at den kristne trua pregar kvardagen.
Uansett livssyn er du velkommen til eit utfordrande år der du vil møte medelevar med ulik bakgrunn og meiningar.