Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
NMH er den fremste musikkutdanningsinstitusjonen i landet og eit kraftsentrum i norsk musikkliv. Mellom dei høgt kvalifiserte lærarane våre finn du dei fremste utøvande og skapande musikarane og komponistane i Noreg.
Med dei 475 studieplassane sine har NMH ein storleik som skaper nærleik og kontakt mellom studentar og tilsette. Mange av dei fremste og mest kjende aktørane i musikklivet i landet har skaffa seg kompetansen sin ved Musikkhøgskolen. Men resultata av Musikkhøgskolens arbeid kan ein også sjå andre stader, m.a. ved at uteksaminerte NMH-studentar i høg grad har medverka til den sterke og positive utviklinga i det lokale musikklivet her i landet.
I januar 2007 overtek Noregs musikkhøgskole eit nytt, flott tilbygg på 7000 m2 knytt til dei eksisterande lokala på Majorstua. Frå vinteren/våren 2007 vil då all undervisning vere samla i eitt stort bygg.
Utdanning
Musikkhøgskolen har eit sterkt fagmiljø som utdannar utøvande og skapande musikarar, komponistar, musikkpedagogar og musikkterapeutar. Studietilbodet er kjenneteikna av høg kvalitet innan eit stort utval av moglegheiter på alle nivå: bachelor, master og PhD. I tillegg får spesielt dugande unge talent undervisningstilbodet ”Unge musikarar”.
Fagmiljøet reflekterer langt på veg breidda i norsk musikkliv. Til saman utgjer dette spisskompetanse og tverrfaglege kontaktar som er ein føresetnad for å kunne gje relevante studietilbod for morgondagens musikarar, komponistar, musikkpedagogar og terapeutar.