Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
Om Olavskulen:
Forutan eit stort undervisningsbygg med rom for linje- og valfag, administrasjon og kontor, har vi ei spennande løysing med eigne hus til elevane. I staden for eit stort internat, bur elevane såleis i eigne hus med seks enkle og tre doble rom, fellesstove med kjøkken og vaskerom.
Forutan folkehøgskuledrift i perioden frå august til mai, er Olavskulen også arrangør for sommarleirar for barn og vaksne frå Bergen kommune frå juni til august. Vi har kvart år også besøk av mellom anna studentar frå HIB og UiB, som har feltkurs ved skulen.
Eigarforhold:
Olavskulen er driven av ei stifting av Kristne Arbeidere (KA), Landsorganisasjonen i Noreg (LO) og Arbeiderenes Opplysningsfond (AOF). Skulen er frilynt.
Målsetjing:
Olavskulen skal vere ein folkehøgskule der elevane skal utvikle seg og trivast. Eit år ved Olavskulen skal såleis gi elevane læring og meining.
Å vere elev ved Olavskulen vil seie å lære seg å Virke saman med andre, Våge og ta utfordringar og på denne måten Vekse som menneske (dei tre V'ane våre).