Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
Politihøgskolen er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politi- og lensmannsetaten, med eige styre som øvste organ. Politihøgskolen høyrer inn under Politidirektoratet og har til oppgåve å gi grunnutdanning for teneste i politi- og lensmannsetaten og etter- og vidareutdanning til dei tilsette i etaten. Politihøgskolen driv forskings- og utviklingsarbeid og fagleg formidling innanfor fagområda sine.
Politihøgskolen i Oslo ligger i Slemdalsveien 5 på Majorstua. Skolen er sentralt plassert med gangavstand til sentrum. Bygget i Slemdalsveien huser skoleadministrasjonen, eit moderne bibliotek, auditorium, ei rekkje undervisningsrom og kantine. Her er øvingsleilegheit, spesialrom for kriminalteknisk undervisning og ein politistasjon for øving. Politihøgskolen har symjehall, to gymnastikksalar med klatrevegg og to vekttreningsrom. Det er ligg også godt til rette nær skolen til løpstrening og andre uteaktivitetar.
Oslo har utruleg mykje å by på for studentar. Det er berre å hoppe på T-banen i sentrum, og få minutt seinare er du midt i skiløypene i Oslomarka. Kanskje er byen mest kjend for nettopp skiløyper, skøytebanen i sentrum og Holmenkollen, men Oslo er vel så mykje ein sommarby. I sommarmånadene kan du nyte tilværet i ein av dei mange parkane i byen, på ei strand ved fjorden eller på ei av dei 40 øyane i indre Oslofjord.
Oslo er uteliv og mørke rockeklubbar, men også Operaen og Konserthuset. Her er ei mengd kafear, barar, utestader, musikkscener og restaurantar. Kvart år blir det arrangert ei rekkje festivalar. I tillegg til store teaterscener som Nationaltheatret, Operaen, Det Norske Teater og Oslo Nye Teater har Oslo mange fine mindre teater. Du saknar ingenting i Oslo!
Fakta og Tal
Politihøgskolen vart etablert i 1992 og akkreditert som høgskole 18. juni 2004.
I 2008 var det i alt 1990 søkjarar til grunnutdanninga. 432 vart tekne opp som studentar. Av dei som vart tekne opp i 2008, var 33 prosent kvinner. I 2007 var det 134 søkjarar med fleirkulturell bakgrunn, og 29 vart tekne opp som studentar.
Over 1000 personar frå politi- og lensmannsetaten gjer bruk av etter- og vidareutdanningstilbodet ved høgskolen kvart år.