Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
Rubbestadnes Yrkesskule har sterk forankring i lokalmiljøet, men er også godt kjent i heile Sunnhordlandsregionen. Skulen ligg midt i det industrielle og maritime senteret vårt. Vi har elevar og studentar frå Solund i Sogn og Fjordane i nord, Kvinnherad og Etne i aust, og Sveio i sør. Det er særleg den maritime utdanninga vår som trekkjer ungdommar langvegesfrå ... Men skulen sine tradisjonar, og ry som ein god skule, spelar nok også inn.
Skulen tilbyr opplæring i dei mekaniske faga og elektrofaga, i tillegg til utdanning for sjøfolk - både for dekk og maskin.
Vi tilbyr òg maritim teknisk fagskule, skipsteknisk drift. Fagskulen gir deg ei topputdanning med leiarkompetanse - i Bømlo! Har du maskinsjefutdanning, er du attraktiv for reiarlaga, men òg for mange verksemder i land. Sjekk den fine nettsida Ikkeforalle.no. Der finn du mykje informasjon om "maritime jobbar".
Som ein av få skular i Hordaland har vi internatdrift. Elevar og studentar bur i triveleg miljø med "full pensjon". Ikkje luksus, men rimeleg.