Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
Handverksskolen er etablert som ein friskole. Ein friskole følger dei godkjende læreplanane for faget, men kan organisere undervisninga litt friare enn ein vanleg vidaregåande skole. Vi ønsker å ”skreddersy” opplæringa etter behova til kvar enkelt elev og ut ifrå deira realkompetanse.
Ein friskole får dekt 85 % av driftsutgiftene frå staten, derfor må elevane betale kr 1000 pr. mnd. i eigenandel. Skolen er godkjent for Lån og Stipend i Statens Lånekasse, slik som andre vidaregåande skolar.
Vi kan også tilby deler av eit årskurs/enkelte modular til interesserte (f eks 1 mnd med akantus eller ein annan stilart)