Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
Sjølv om Sogndal som stad har mykje å by på, er det på skulen du vil tilbringe det meste av tida di.
Skulen har gymnastikksal og treningsrom, verkstader der du kan halde på med teikning og måling, stor peisestove, TV stove og datarom til disposisjon for elevar. Alle verkstader og saler er ope til kl. 23 kvar dag. Ute har vi ei grusbane til bruk for fotball og andre aktivitetar. Oppe i eplehagen ligg det nye amfiet med grill/bålplass og to badestampar som de kan bruke året rundt.
Nede ved fjorden, rett utafor skuleporten, har vi naust med badebrygge, kajakker og kanoar som de har glede av på fritida. Skulen har også ein badstu; -godt etter ein lang dag i vinterfjellet! I internatet bur de saman på doble rom (vi har berre få enkeltrom) og med små felles stover i kvar avdeling. Det er også trådlaust internett på alle internatene.
I skulen sine verkstader og salar kan du arbeide og eksperimentere med ulike oppgåver og hobbyar
til kl. 23 kvar dag. Der finst det som regel alltid nokon å utveksle meiningar og idear med. Ein lærar kjem kanskje innom for å ta ein prat.
På ein folkehøgskule går undervisning og fritid om kvarandre. Dei fleste undervisningstimane ligg føre middag, men det er óg mykje som skjer på ettermiddag-og kveldstid. Kanskje er du i kjøkengruppa denne veka og skal ta oppvasken i lag med dei andre fem,- og dessutan tidleg opp for å lage frukost i morgon...Har du inga slike plikter akkurat nå kan du unne deg litt ro på stova i internatet. Du kan óg ta ein rask tur inn i Sogndalsfjøra for å kjøpe tannkrem og nye sokkar.'
Kanskje du held på med elevkveldsabeid saman med 10-12 andre elevar og ein lærar. Om tre veker går elevkvelden av stabelen og vi andre går rundt og gler oss!
Kan hende har du eit valfag på ettermidagen, eller du har rett og slett fri og kan unne deg ein prat med dei andre over ein kaffikopp. I området ved skulen finst det fine løyper for trimturar, såvel langs fjorden som opp i høgda -elller du kan ta turen opp til Sognahallen treningssenteret og svømmehallen.