Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
Voss Folkehøgskule har eit aktivt og skapande miljø. Her er det gode høve for personleg vekst og fagleg fordjuping. Skulen legg vekt på tradisjon, lokal og norsk kultur, opplysning og fri meiningsbryting. Skulen har seks linjer: Data og internett, Film og foto, Kunst og handverk, Idrett og friluftsliv, Friluftsliv og frisport og Musikk.
Voss Folkehøgskule ligg på garden Seim rett vest for Voss sentrum. Husa våre er gamle, tradisjonsrike, raudmåla og sjarmerande - ein særprega stil som skapar eit miljø det er lett å trivest i.
Her finst musikkstudio, videostudio, datarom, spesialrom for keramikk, veving og trearbeid, gymsal og andre klasserom. Både internata og undervisningsromma er spreidde i fleire hus rundt på tunet. Det er trådløst nett på heile skulen. Frå skulen er det vakker utsikt over Vangsvatnet og fjellheimen kring Voss. Skulen har ein støl på fjellet, nær Upsete stasjon, og ei skogshytte ikkje så langt frå skulen.