Økonomikurs
Dataanalyse
Hordaland
Du har valgt: Bergen
Nullstill
Filter
Ferdig

-

1 treff ( i Bergen ) i Dataanalyse
 

2 år
På forespørsel
Dersom du skaffar deg ei god verktøykasse av statistiske metodar, kan du bruke desse til å studere data frå så ulike problemstilling. [+]
  Dersom du skaffar deg ei god verktøykasse av statistiske metodar, kan du bruke desse til å studere data frå så ulike problemstillingar som "Stig den globale temperaturen?", "Aukar kraftlinjer sjansen for kreft?" og "Kva er inflasjonsraten?". Statistikk blir mellom anna brukt til å analysere telekommunikasjonsnettverk, i modellering av epidemiar og i finanslivet og bankar (der kandidatar er sterkt etterspurde). Statistikarar arbeider innanfor industri, forvalting, naturvitskapleg forsking og medisin. Fordi statistikkmetodane er baserte på matematikk, må ein ha god forståing for matematiske metodar.   Oppbygging av studiet Masterprogrammet i dataanalyse omfattar: Eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) med eit omfang på 60 sp. (Ein kan også få korte oppgåver med eit omfang på 30 sp, spesialpensumet blir da auka med 30 sp.) Emne/spesialpensum på 60 sp (90 sp ved kort oppgåve) utarbeidd i samråd med rettleiaren MERK: For å oppnå ein mastergrad i statistikk – dataanalyse må emna STAT201 Generaliserte lineære modellar, STAT210 Statistisk inferensteori og STAT220 Stokastiske prosessar eller tilsvarande vere gjennomført og bestått i løpet av bachelor- eller masterstudiet.   Masteroppgåve I samråd med rettleiaren vel du ei masteroppgåve som svarer til 60 sp. (Dersom du vil ha ei oppgåve på 30 sp, blir oppgåva først gitt etter at alle kursa er tekne, og oppgåva må skrivast som eit fulltidsstudium i slutten av mastergradsstudiet.) Oppgåva er eit forskingsbasert arbeid som gir deg innsikt i matematisk metodikk og bruk av matematiske metodar i ulike samanhengar. Temaet for oppgåva er avhengig av forskingsinteressene til rettleiaren.   Metode Masterprogrammet skal gi innsikt i statistisk metodikk og statistiske metodar. Emnet for oppgåva er avgjerande for metoden du nyttar deg av.   Yrkesvegar Kandidatar med kompetanse i statistikk har hittil ikkje hatt vanskar på arbeidsmarknaden. Dei har mellom anna fått arbeid i oljeindustrien, forsikring, helsevesen, havforsking samt undervisning og forsking ved universitet og høgskolar. Det er stort behov for lærarar med kompetanse i statistikk i den vidaregåande skolen.   [-]
Les mer

Lukk Denne siden benytter seg av informasjonskapsler (cookies).
Du kan fortsette å bruke siden som vanlig hvis du godtar dette. Les mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
;