Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
Ole Bull Akademiet har ein mangesidig aktivitet:
- 700 studentar årleg på vekeskurs i norsk folkemusikk og -dans
- Bachelorstudium i utøvande tradisjonsmusikk
- Mange gjesteførelesarar og musikarar vert engasjerte
- Osafestivalen kvar haust
- Instrumentverkstad og butikk
Organisasjon og føremål
Ole Bull Akademiet er ei stifting med eit offentleg oppnemnd styre som i samarbeid med dei tilsette skal trekkja opp kursen i arbeidet. OBA eig og driv Kringsjå AS som har overnattingskapasitet til ca 40 kursdeltakarar. I 1994 vart det bygd på med administrasjonsavdeling, undervisningsrom og konsertsal (Osasalen), og i 2004 vart bygget utvida med fleire undervisningsrom, øvingsrom og kontor. I tillegg vert kunstnarheimen til Sigbjørn Bernhoft Osa nytta til konsertar.
Ole Bull Akademiet har ein fast stab med fagleg tilsette, som er blant dei fremste folkemusikkutøvarane i landet. Ein har også eit nært samarbeid med det faglege personalet ved Griegakademiet og Høgskulen Stord/Haugesund. I tillegg har OBA eit godt samarbeid med ulike frivillige organisasjonar og spelemannslag. Ei rekkje av våre fremste folkemusikkutøvarar er knytte til OBA som timelærarar, og står for kring halvparten av undervisninga.
Denne blandinga av akademisk skulerte lærarar og våre fremste spelemenn, dansarar og kvedarar knyter sterke band til den levande og pulserande folkemusikken.