Folkehøgskole: Ski og klatring
Sogndal folkehøgskuleDersom du trivst med å henge høgt i tau eller renne langt og fort på ski i laussnøen er dette noko for deg. Naturen i Sogn er storslått og variert, og det finst nok av klatre- og skimulegheiter. Før snøen kjem er det klatring og toppturar som gjeld. Du må være villig til å klatre – mykje. Øving gjør meister.
Vi har fleire klatrefelt å velje mellom, og naturen rundt Sogndal byr på mykje spennande og variert fjell-landskap. Den nye klatreveggen i Sognahallen, -"The Wall". held aller høgste internasjonal standard, eit godt alternativ når været blir kravstort.
Når snøen kjem er det ski for alle pengane. Sogndal er eit eldorado for randonnée og telemarkskøyring, med alt frå dei villaste, brattaste heng og renner til alle nedfartstraséene rundt dei to skisentra våre som ligg berre 10 minuttar unna skulen. Vi har fokus på sikkerheit og skredfare slik at vi kan nyte dei beste nedfartslinjene på ein god måte.
Snøen ligg lenge, og Sogndalsfjella er svært snøsikre; vi har vanlegvis mykje snø og gode skitilhøve frå november til mai. Hurrungane (Jotunheimen), Jostedalen og Breheimen ligg også rett utanfor døra. Om hausten drar vi ein veke til Korsika, Frankrike eller Spania for å klatre og om våren drar vi til eit anna vinterland i Europa, t.d. de franske Alpane.
Ski og klatring
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!