Økonomikurs
Finans
Hordaland
Du har valgt: Bergen
Nullstill
Filter
Ferdig

-

1 treff ( i Bergen ) i Finans
 

2 år
På forespørsel
For deg som kan tenkje deg å arbeide som aktuar, er dette det rette studieprogrammet. Her får du ei innføring i teori og teknikkar innanfor forsikringsmatematikk. [+]
  For deg som kan tenkje deg å arbeide som aktuar, er dette det rette studieprogrammet. Her får du ei innføring i teori og teknikkar innanfor forsikringsmatematikk. Det norske regelverket for forsikringsnæringa krev at alle livs- og skadeforsikringsselskap skal ha ein ansvarshavande aktuar som skal passe på at premiar og forsikringstekniske avsetjingar har eit forsvarleg nivå. Blant arbeidsoppgåvene til aktuaren kjem også oppfølging av dei finansielle plasseringane til selskapet. For å bli ansvarshavande aktuar trengst det aktuarkompetanse, noko du får ved å ta dette studiet. Oppbygging av studiet Masterprogrammet i finansteori og forsikringsmatematikk omfattar: 1) Eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) med eit omfang på 60 sp. (Ein kan også få korte oppgåver med eit omfang på 30 sp, spesialpensumet blir da auka med 30 sp.) 2) Emne/spesialpensum på 60 sp (90 sp ved kort oppgåve) utarbeidd i samråd med rettleiaren Masteroppgåve I samråd med rettleiaren vel du ei masteroppgåve som svarer til 60 sp. (Dersom du vil ha ei oppgåve på 30 sp, blir oppgåva først gitt etter at alle kursa er tekne, og oppgåva må skrivast som eit fulltidsstudium i slutten av mastergradsstudiet.) Oppgåva er eit forskingsbasert arbeid som gir deg innsikt i matematisk metodikk og bruk av matematiske metodar i ulike samanhengar. Temaet for oppgåva er avhengig av forskingsinteressene til rettleiaren. Metode Masterprogrammet skal gi innsikt i statistisk metodikk og statistiske metodar. Emnet for oppgåva er avgjerande for metoden du nyttar deg av. Yrkesvegar Det har lenge vore eit merkbart underskot på aktuarar i landet, og forsikringsselskapa tilbyr interessante arbeidsoppgåver med gode vilkår. Innanfor finans utanom forsikring er moglege arbeidsfelt porteføljeforvalting/overvaking og prissetjing av finansielle derivat, her også innanfor energisektoren. Studiet gir aktuarkompetanse for arbeid i Noreg. Krava til aktuarkompetanse for arbeid i EU er for tida til drøfting. [-]
Les mer

Lukk Denne siden benytter seg av informasjonskapsler (cookies).
Du kan fortsette å bruke siden som vanlig hvis du godtar dette. Les mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
;