Pedagogikk
Du har valgt: Logopedi
Nullstill
Filter
Ferdig

-

1 treff i Logopedi
 

2 år
På forespørsel
Logopedar arbeider med menneske som har vanskar med tale, språk, språklege symboluttrykk, stemme eller svelging. [+]
Logopedar arbeider med menneske som har vanskar med tale, språk, språklege symboluttrykk, stemme eller svelging. Faget logopedi er studiet av desse områda, inkludert studiet av kommunikative prosessar, førebyggjande arbeid, diagnostisering, rådgiving og forskings- og utviklingsarbeid. Studiet gir eit allmennvitskapleg grunnlag for forsking og undervisning og styrkjer det teoretiske grunnlaget for klinisk praksis i logopedi. Studiet skal også gi auka kompetanse på tvers av helsefaga gjennom å byggje på det felles faglege teori- og metodegrunnlaget i helsefaga og gjennom tverrfagleg utveksling og utnytting av kompetanse. Oppbygging av studiet Forskingsmetode og etikk og vitskapsteori er felles for alle helsefaga og gir innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Den fagspesifikke delen i studiet går gjennom heile studieprogrammet. Programmet ser slik ut: 1. semester: HEL320 - Forskingsmetode og -etikk Fordjupingskurs helsevitskaplege tema (15 sp) LOGO310 Innføring i sentrale logopediske emne (15 sp) 2. semester: LOGO311 Språkutvikling og medfødde og tidleg diagnostiserte kommunikasjonsforstyrringar (5 sp) LOGO312 Artikulasjon og LKG (5 sp) LOGO313 Stemme og stemmevanskar og dysfagi (5 sp) LOGO314 Talerytmeforstyrringar: stamming og løpsk tale (5 sp) LOGO315 Språkbaserte lærevanskar/dysleksi (5 sp) LOGO350 Masteroppgåve i logopedi (5 sp) 3. semester: HEL310 - Vitskapsteori og sentrale helsefaglege omgrep (15 sp) LOGO316 Afasi og andre erverva nevrologiske kommunikasjonsvanskar (5 sp) LOGO317 Praksis i logopedi (5 sp) LOGO350 Masteroppgåve i logopedi (5 sp) 3. og 4.semester: LOGO317 Praksis i logopedi (15 sp) (10 sp) LOGO350 Masteroppgåve i logopedi (30 sp) (20 sp) Masteroppgåve Masteroppgåva utgjer 30 studiepoeng, og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt. Yrkesvegar Masterprogrammet kvalifiserer deg mellom anna til praktisk yrkesutøving som logoped, utdanningsarbeid på universitet og høgskolar, fagutvikling i klinisk verksemd, forsking og utvikling, og fagleg og administrativt arbeid innanfor forvaltinga og helsevesenet. [-]
Les mer

Lukk Denne siden benytter seg av informasjonskapsler (cookies).
Du kan fortsette å bruke siden som vanlig hvis du godtar dette. Les mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
;