Mediekurs, film og TV
Mediefag
Du har valgt: Hordaland
Nullstill
Filter
Ferdig

-

2 treff ( i Hordaland ) i Mediefag
 

1 år
På forespørsel
Medievitskap tek sikte på ein systematisk analyse og omtale av medie-institusjonane, av forholdet mellom publikum og medieinnhald, og mellom medier og samfunnet. [+]
  Massemedier er blitt stadig viktigare, og samfunnet vårt blir ofte omtala som informasjons-samfunnet. Medievitskap tek sikte på ein systematisk analyse og omtale av medie-institusjonane, av forholdet mellom publikum og medieinnhald, og mellom medier og samfunnet. Medier speler ei viktig rolle i den offentlege meiningsdanninga, men også i danninga av identiteten vår, i måten vi forstår oss sjølve på. Mediene overskrir nasjonale grenser og er såleis sentrale aktørar i ulike transnasjonale moderniseringsprosessar. Men massemediene går også over tradisjonelle sosiale skiljelinjer. Dette reiser spørsmål om forholdet mellom elite- og massekultur og den rolla medier speler i endringar av smak og kvalitet. Gjennom eit årsstudium i medievitskap vil du få kjennskap til dei historiske og samfunnsmessige vilkåra som mediene har, kva for funksjonar dei har når vi ser dei i eit heilskapleg perspektiv, og dei særskilde eigenskapane som enkelte medium har. Studiet kombinerer både samfunnsvitskaplege og humanvitskaplege perspektiv. Oppbygging Eit årsstudium i medievitskap omfattar 60 studiepoeng. Det er to måtar ein kan gjennomføre studiet på: Med examen philosophicum og innføringsemne (alternativ 1) eller utan (alternativ 2). Alternativ 1 gir 20 studiepoeng med medievitskaplege innføringsemne (pluss ex.phil.) og 30 studiepoeng fordjuping i medievitskaplege emne. Alternativ 2 gir 60 studiepoeng medievitskapleg fordjuping.   ALTERNATIV 1:   1.semester: - EXPHIL - MEVI100 - MEVI105   2. semester -MEVI101 -MEVI102   ALTERNATIV 2:   1.semester: -MEVI103 -MEVI104   2. semester -MEVI101 -MEVI102   Sjå studentportal.uib.no/studietilbod/sv for meir informasjon om dei ulike emna. Målgruppe Årsstudium er eit søknadsalternativ for deg som berre har tenkt å studere fag ved Universitetet i Bergen i eitt år og som ikkje har planar om å ta ein grad. Årsstudiet kan også vere eit alternativ for deg som ønskjer å studerenokre fagemne for å supplere ei allereie påbegynt utdanning. Vidare studium Eit årsstudium i medievitskap gir ei grunnleggjande innføring i fagets kjerneområde. Eit fullført årsstudium kan byggast ut og inngå i ein bachelorgrad i medievitskap, noko som igjen gir grunnlag for å søkje opptak til masterstudiet i medievitskap. Årsstudiet kan også vere eit supplement til andre allereie avslutta studium. [-]
Les mer
3 år
På forespørsel
Bachelorstudiet i nye medier skal kvalifisere for teoretisk reflektert og praktisk skapande formidlingsverksemd ved hjelp av nye digitale, nettverksbaserte medier. [+]
Bachelorstudiet i nye medier skal kvalifisere for teoretisk reflektert og praktisk skapande formidlingsverksemd ved hjelp av nye digitale, nettverksbaserte medier. Studiet kombinerer teoretiske, analytiske og praktiske element frå medie- og informasjonsvitskap med nye, tverrfaglege komponentar. Studiet blir gjennomført i nært samarbeid med bachelorprogramma i film- og TV-produksjon og journalistikk. Oppbygging Bachelorprogrammet i nye medier inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering. I tillegg til spesialiseringa kjem 30 studiepoeng med hovudvekt på planlegging og gjennomføring av avsluttande produksjonar (bacheloroppgåve). Studiet er sett saman av emne i medie- og informasjonsvitskap, fleire av dei praktisk retta. Derfor krev studiet aktiv deltaking i undervisninga. Følgjande emne inngår i bachelorprogrammet: Grunnkurs i informasjonsvitskap Introduksjon til film, tv og nye medier Brukargrensesnitt Databasar Multimediehandtering Teknisk grunnkurs nye medier Nye medier, produksjon og analyse Manuskript og medier Innføring i programmering Du kan velje inntil 30 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan f.eks. vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre samfunnsvitskaplege fag eller fleire medievitskaplege eller informasjonsvitskaplege emne. Bachelorprogrammet i nye medier kan da sjå slik ut: 1. s Introduksjon til lm/tv/nye medier (10 sp) Grunnkurs i informasjonsvitskap (10 sp) Ex.phil. (10 sp) 2. s Teknisk grunnkurs nye medier (5 sp) Nye medier, produksjon og analyse (10 sp) Grunnkurs i programmering (10 sp) og formelle metodar for informasjonsvitskap (5 sp) 3. s Manuskript og medier (15 sp) Databasar (15 sp) 4. s Brukargrensesnitt (15 sp) Multimediehandtering (15 sp) 5. s Valfritt/delstudium i utlandet Valfritt/delstudium i utlandet 6. s Bacheloroppgåve i nye medier (30 sp) TOTALT: 180 studiepoeng (3 år) s = semester, sp = studiepoeng Utveksling Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda. I bachelorprogrammet i nye medier vil du få tilbod om utanlandsopphald som kan bli ein integrert del av graden. Delstudium i utlandet er lagt til det femte semesteret i programmet. Yrkesvegar Bachelorprogrammet i nye medier set deg i stand til sjølvstendig arbeid med formidling og kommunikasjon ved hjelp av avanserte dataverktøy og digitale, nettverksbaserte medier i både privat og offentleg sektor, frå kommersielle medier til museumssektoren, frå målretta problemløysing til kunstnarisk verksemd. Programmet samarbeider med studieprogramma i film/tv og journalistikk, og gjennom studiet blir du stilt overfor svært varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver. Vidare studium Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i informasjonsvitskap samt eit planlagt masterstudium i screenwriting for film/TV og nye medier. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftleg arbeid, oppgåveskriving og aktiv deltaking i undervisninga [-]
Les mer

Lukk Denne siden benytter seg av informasjonskapsler (cookies).
Du kan fortsette å bruke siden som vanlig hvis du godtar dette. Les mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
;