Religion
Hordaland
Du har valgt: Bergen
Nullstill
Filter
Ferdig

-

4 treff ( i Bergen ) i Religion
 

2 år
På forespørsel
Religionsvitskap er det historiske og systematiske studiet av religion som eit kulturelt fenomen. [+]
  Religionsvitskap er det historiske og systematiske studiet av religion som eit kulturelt fenomen. Perspektivet er krysskulturelt, og ei samanliknande tilnærming er innebygd i studiet. Denne tilnærminga inneber at faget er meir enn separate studiar av dei enkelte religionane. Oppbygging av studiet Masterprogrammet omfattar ein kursdel på til saman 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Eit masterprogram i religionsvitskap kan sjå slik ut:   Eit masterprogram i religionsvitskap kan sjå slik ut:   1. semester: RELV301 - Religionsvitskapleg teori 15 spRELV306 - Religionsvitskaplege forskningsmetodar 15sp   2. semester: RELV302 - Spesialiseringsemne 15 sp RELV303 - Frie studiepoeng 15 sp   3. og 4. semester:RELV350 - Masteroppgåve 60 sp sp= studiepoeng MasteroppgåveMasteroppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid som utforskar ei relevant problemstilling i religionsvitskap. Oppgåva skal også vise forståing og refleksjon, og kunne kombinere teoretiske, metodiske og religionsvitskaplege perspektiv. Alle masterstudentar ved instituttet har rett til individuell rettleiing, og tildelinga skjer tidleg i fyste semester. I utgangspunktet kan tema for oppgåva veljast fritt i samråd med rettleiaren, innanfor dei totale rammene til faget og ut frå eigne interesser og faglege føresetnader. Rettleiaren skal gi råd om formuleringar og avgrensing av emnet for oppgåva, og hjelpe til med ein framdriftsplan og opplegg for arbeidet. MetodeReligionsvitskap er tverrfagleg og nyttar ulike metodar avhengig av studieobjekt og problemstilling. Dei mest vanlege metodane i arbeidet med masteroppgåvene er intervju og feltarbeid samt den historisk-filologiske metoden for tekst- og bilettolking. Yrkesvegar Ein mastergrad i religionsvitskap kvalifiserer til undervisning i den vidaregåande skolen og på høgare nivå, og for variert arbeid både i offentleg og privat sektor. Utdanninga er også relevant for arbeid innanfor konsulentverksemd, kulturliv, media og i stillingar der dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling og innsikt i forskingsmetodane til religionsvitskapen er relevante. Andre yrkesrelevante områdar er u-lands-, foreinings- og organisasjonsarbeid, og studiet kan dessutan danne grunnlaget for ei forskarutdanning i religionsvitskap.   [-]
Les mer
1 år 12 000 kr
... [+]
[-]
Les mer
1 år
På forespørsel
Religion er det historiske og systematiske studiet av religion som kulturelt fenomen. [+]
Fagleg innhaldReligion er det historiske og systematiske studiet av religion som kulturelt fenomen. Perspektivet er krysskulturelt, og ei samanliknande tilnærming er innebygd i studiet. Faget grip inn i ei rekkje samfunnstilhøve, noko som også kan sjåast i emna for undervisning og forsking: Religion og politikk, religion og menneskerettar, religion og kultur, religion og internasjonale relasjonar, religion og modernitet, religion og humor, religion og kjønn, religion og vald Oppbygging Studiet er sett saman av fire emne, kvart på 15 studiepoeng. Du studerar to emne kvart semester.   RELV101 - Systematisk religionsvitskap (HAUST) I dette emnet skal studenten verta kjend med diskusjonane omkring sjølve religionsomgrepet, faget religionsvitskap, samanlikning, religionsfenomenologi, religionshistorie, og symbol, myte, rite, og kjønnsperspektiv, samt viktige religionssosiologiske og religionspsykologiske problemstillingar, og religion og politikk.   Pensum omfattar om lag 1000 sider. Undervisning skjer i form av forelesingar. Dersom ressursane tillet det vert det organisert kollokviegrupper leia av mastergradstudentar.   Eksamen består av ei skriftleg prøve (essay) på seks timar.     RELV102 Kristendommen, jødedommen og islam (HAUST)   Emnet omfattar religionane kristendommen, jødedommen og islam, og legg vekt på desse tre nærskylde religionane sine opphav og utvikling, deira gjensidige påverknader og brytningar, og deira samspel med kulturen elles. Særleg vekt er lagt på kristendommen på grunn av denne religionens sentrale stilling i europeisk og norsk religionshistorie. Studenten skal også studera eit utval tekstar knytta til dei enkelte religionane. Pensum omfattar om lag 1000 sider. Undervisning i form av forelesingar. Dersom ressursane tillet det vert det organisert arbeidsseminar og kollokviegrupper felles med RELV101. Eksamen har tre komponentar: 1. Skriftleg komponent: Studenten skal til fastsette tider levera tre oppgåver som det vert gitt tilbakemelding på. 2. Aktiv deltaking i eit internettbasert debattseminar (KARK) og skriftlege kommentarar til andre studentar sine oppgåver. 3. 25% av dei studentane som har oppfylt komponent 1 og 2 ovanfor vil verta tilfeldig trekte ut for ei munnleg prøve med eigen karakter.     RELV103 / Hinduismen, buddhismen og andre religionar (VÅR)   Emnet omfattar religionane hinduismen, buddhismen, sikhisme, jainisme, zarathustrismen, og kinesiske og japanske religionar. Særleg vekt er lagt på hinduismen og buddhismen pga. deira spesielle betydning i religionshistoria og i dag. Studenten skal gjennom studiet tileigna seg eit oversyn over historia til og gode kunnskapar om dei to store religiøse tradisjonane hinduismen og buddhismen, og kunnskapar om historia og særtrekk til dei andre religionane. Studenten skal også studera eit utval tekstar knytta til hinduismen og buddhismen. Pensum omfattar om lag 1000 sider. Undervisning skjer i form av forelesingar. Dersom ressursane tillet det vert det organisert arbeidsseminar og kollokviegrupper, leia av timelærarar eller undervisningsassistentar.   Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar. Prøva består av både eit essay og av 10 spørsmål som skal svarast på kort. Begge eksamensdelane må vera bestått.     RELV105 / Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion (VÅR)   Emnet gir ei innføring i Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, herunder egyptisk og mesopotamisk religion, gresk og romersk religion, og norrøn og samisk religion. Studenten skal gjennom studiet tileigna seg grunnleggande kunnskapar om dei nemnde religionane. Studenten skal også studera eit utval tekstar knytta til dei enkelte religionane. Pensum omfattar om lag 1000 sider. Undervisning skjer i form av forelesingar. Dersom ressursane tillet det vert det organisert arbeidsseminar og kollokviegrupper, leia av timelærarar. [-]
Les mer
1 år 8 000 kr
Skolen tilbyr en sunn kombinasjon mellom bibelundervisning og praksis. [+]
De fleste dagene på skolen begynner med lovsang og bønn, og fortsetter med bibelundervisning. I flere av emnene er spørsmål og samtale en viktig del av læringen. Annenhver uke har vi annerledes dager. Da drar vi enten på ekskursjon, eller gjør praktiske og kreative ting sammen som gir deg mulighet til å utvikle helt nye sider ved deg selv.   I tillegg til disse dagene kommer teamturer lokalt på Vestlandet, i andre byer og tettsteder i Norge, og til byer i Europa. Levende Ord Bibelskole vil gi deg ett eller to år med alt fra spennende utfordringer til stille stunder i Jesu nærvær. [-]
Les mer

Lukk Denne siden benytter seg av informasjonskapsler (cookies).
Du kan fortsette å bruke siden som vanlig hvis du godtar dette. Les mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
;