Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
Raulandsakademiet ligg 700 moh. i Rauland i Telemark fylke - ved foten av Hardangervidda og med Totak berre 100 m unna.
Vi kan tilby rimeleg og godt opphald til grupper og enkeltpersonar som ynskjer ferieopphald eller seminar. Vi har ca. 100 senger, stor gymnastikksal og mange møterom.
Ynskjer du ein lærerik sommarferie, kan du velge mellom ca. 60 ulike kurs i alt frå treskjering og akvarellmåling til lafting, broderi og skrivekurs.
Vil du heller satse på meir formell utdanning, kan du bli student på Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, Rauland, som tilbyr utdanning i tre, metall, tekstil og folkemusikk. Sjå meir informasjon på Høgskolen i Sørøst-Norge si heimeside:
USN - Universitetet i Sørøst-Norge