Vanligvis vil CTRL + + tastene kunne brukes for å øke størrelsen, og CTRL + - for å redusere den.
Har du hjul på musen, kan du bruke CTRL sammen med hjulet for å justere størrelsen. På Mac kan du bruke CMD + + og CMD + -.
Ung Kirkesang er ein organisasjon av, for og med korsongarar i barne- og ungdomskor knytt til menigheter i heile landet, frå Lista og Lindesnes i sør til Svalbard i nord.
Ung Kirkesang hadde pr 31. 12. 2002 5040 betalande medlemmer i 190 medlemskor over heile landet. I 2003 auka medlemstalet til 220 betalande medlemskor med 6278 medlemmer. I 2004 hadde Ung Kirkesang 249 betalande medlemskor med 6821 medlemmer. I var 2005 er talet auka til ca 270 betalande medlemskor, mens det pr juni 2006 er ca 280 medlemskor innmeldt, med over 7000 medlemmer.
Ung Kirkesang arrangerer kurs for korsongarar og dirigentar. Kursa blir arrangert i samarbeid med lokalforbunda, og blir spreidde til alle kanter av landet. Ung Kirkesang gir ut rettleiingshefte og anna materiell til bruk i kora. Noter blir gjeve ut på eige forlag.
Ung Kirkesang er ein sjølvstendig og demokratisk organisasjon som blei skilt ut frå Norges Kirkesangforbund 12. oktober 1996. Ung Kirkesang er bygd opp av lokalforbund, eitt i kvart bispedømme i tillegg til Musica Sacra.
Ung Kirkesang arbeidar for å betra kåra for korsongen gjennom fagleg og politisk arbeid. Ung Kirkesang er med i desse strukturane: Landsrådet for Noregs barne- og undomsorganisasjonar (LNU), Norsk musikkråd (NMR), Musikkens Studieforbund (MSF), Undommens Kyrkjemøte, Nordisk barne- og undomskörsamarbete (Norbusam).