Pedagogikk
Du har valgt: Fagdidaktikk
Nullstill
Filter
Ferdig

-

29 treff i Fagdidaktikk
 

3 dager
Kurset som tilbys tar for seg fremmedspråkdidaktikk med de grunnleggende ferdighetene lesing, skriving, muntlig, IKT og regning i fokus [+]
Fremmedspråksenteret har fått midler til å gjennomføre kortere, praksisnære etterutdanningskurs i fremmedspråkdidaktikk. Målgruppen er lærere i ungdomsskolen og videregående skole som underviser etter læreplanen for fremmedspråk nivå I og II. Kursene vil ta utgangspunkt i de grunnleggende ferdighetene med en halv dag på hver av disse.   Påmelding: http://www.hiof.no/index.php?ID=16813   Program: http://www.fremmedspraksenteret.no/index.php?ID=16250 [-]
Les mer
1 år
På forespørsel
Årsstudium i kroppsøving og idrett er organisert som et sammenhengende studium over ett studieår. [+]
Målet for studiet er å kvalifisere deg for arbeid som lærer i kroppsøving i grunnskolen, gi deg faglig bakgrunn i trenerarbeid og for videre studier i idrett. Studiet kan inngå som valgfag i allmennlærerutdanningen, som del av en bachelorgrad eller som del av en faglærerutdanning i kroppsøving. Du får også kompetanse til videre studier ved Norges Idrettshøgskole. Studiet kombinerer teoretiske basisfag og praktisk-metodisk virksomhet i idrett, lek og friluftsliv. Studentene bør derfor være i god fysisk form. Studentene bør også være svømmedyktige og tåle klorvann.   Du vil benytte varierte arbeidsformer i løpet av studieåret. Det gjelder ikke minst i praktisk virksomhet, der du får instruktør- og lederoppgaver. Undervisningen ved årsstudium i kroppsøving og idrett foregår bl.a. på Remmen (Halden) og i høyskolens idrettsmedisinske testlaboratorium på Kråkerøy (Fredrikstad). I tillegg er flere studieaktiviteter lagt til steder utenfor høgskolen.   Etter et fullført årsstudium i kroppsøving og idrett kan du ta videreutdanning innen idrett, arbeide i skolesektoren, i lag og organisasjoner eller i offentlig virksomhet.   Videre utdanning Annethvert år tilbyr høyskolen 30 studiepoeng påbygging i idrett. Studiet består av tre emneområder. Disse er ekstremsport, fysiologi-testing-prestasjon og trener- og instruktørrollen. Målet for studiet er å videreutvikle kunnskap og ferdigheter innenfor idrett, trening og friluftsliv. Plan for neste oppstart er høsten 2009. Årsstudiet og påbyggingsenheten kan dessuten være grunnlag for å begynne på et masterstudium innen idrett, dersom disse inngår i en bachelorgrad.   [-]
Les mer
5 år
På forespørsel
Norskfaget står heilt sentralt i skolen og er eit utfordrande og samansett undervisningsfag. [+]
  Norskfaget står heilt sentralt i skolen og er eit utfordrande og samansett undervisningsfag. I dette femårige programmet les du nordisk språk og litteratur og eitt anna undervisningsfag som du vel sjølv. Gjennom integrering av didaktiske og pedagogiske element blir du oppmoda til å reflektere over faget og korleis ein kan formidle det, men den reint faglege delen av studiet er elles stort sett felles med andre studentar utanfor programmet. Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium, og inneheld tre emne. Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål som gjeld kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. Språk og kommunikasjon gir deg eit teoretisk og praktisk grunnlag for vidare språkstudium. Emnet Innføring i pedagogikk medverkar til å skape ein identitet som framtidig lærar, samstundes som det gir ei førebuing til sjølve lærarutdanninga.   Det første studieåret er delt mellom eit språkleg og eit litterært studium. Du øver opp språkleg medvit ved å studere både den historiske utviklinga til nordiske språk og korleis moderne språk er strukturert. Litteraturundervisninga gir deg innblikk i norsk og nordisk kulturhistorie og fremjar historisk og kulturelt medvit og refleksjon i møte med sentrale forfattarskap og ulike sjangrar. På høgare nivå (frå tredje semester) får du høve til å spesialisere deg i sjølvvalde faglege emne og skrive ei semesteroppgåve under rettleiing. I det tredje semesteret legg vi særleg vekt på integreringa av didaktiske element i det faglege arbeidet. På mastergradsnivå går den faglege og den praktisk-pedagogiske opplæringa parallelt, men du har stor fridom og kan sjølv velje i kva grad du vil integrere didaktiske perspektiv i det faglege studiet. Interesse for språket ligg til grunn for heile studiet, og vi legg vekt på rett og god språkføring i alle eksamens- og heimeoppgåver. Fag- og emnevalg Gjennom studiet vil du støyte på mange ulike val. Eit viktig val er kva du skal velje som fag 2, som er det andre faget du skal kunne undervise i etter avslutta utdanning. På universitetet blir det gitt undervisning i ei rekkje fag som også er skolefag. Du kan velje blant engelsk, fransk, tysk, spansk språk og latinamerikastudiar, historie og religionsvitskap. På studiet i nordisk vil du også gjere val ut frå dine faglege interesser. På lågare nivå må du lese både språklege og litterære emne, mens du på mellom- og mastergradsnivå har større høve til å følgje eigne spor og velje anten språkleg eller litterær spesialisering. Oppbygging Studiet er sett saman av mindre emne. Dei tre første åra inneheld innføringsemne, tre semester med nordisk språk og litteratur, og to semester i støttefaget du vel. Her får du grunnleggjande kunnskap innan desse to faga. Kvart semester vil det også bli arrangert ei obligatorisk samling for alle studentane på programmet, og i det tredje og femte semesteret blir det arrangert skolebesøk i ei veke. Pedagogikk og fagdidaktikk vil i hovudsak liggje i det sjette og åttande semesteret. Første studieår Examen philosophicum, Innføring i pedagogikk, innføringsemne: språk og kommunikasjon Emne i nordisk språk og litteratur Andre studieår Emne i nordisk språk og litteratur, emne i støttefag Skolebesøk Tredje studieår Spesialiseringsemne i nordisk språk og litteratur, emne i støttefag Pedagogikk, fagdidaktikk og skolebesøk Fjerde studieår Prosjektførebuande emne i nordisk språk eller litteratur Pedagogikk, fagdidaktikk og praksis Femte studieår Masteroppgåve Førstesemesterstudiet Førstesemesterstudiet skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium. Studiet inneheld tre emne. Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål som gjeld kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. Språk og kommunikasjon gir deg eit teoretisk og praktisk grunnlag for vidare språkstudium. PEDA111 medverkar til å skape ein identitet som framtidig lærar, samstundes som det gir ei førebuing på sjølve lærarutdanninga. Utveksling Det finst i dag mange alternativ om du vil ta litt av utdanninga i utlandet. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Om du ønskjer studieopphald i utlandet som ein del av lærarutdanninga, bør det leggjast til det sjette semesteret. Universitetet i Bergen vil leggje til rette for utanlandsopphaldet og syte for at det blir ein integrert del av utdanninga di. Yrkesvegar Lektorutdanninga med master i nordisk kvalifiserer for tilsetjing i grunnskolen (mellom- og ungdomssteget) og i vidaregåande skole. Utdanninga vil gi deg grunnlag for undervisning i norsk og det faget du vel som fag 2. [-]
Les mer
5 år
På forespørsel
Framandspråkopplæringa står sentralt i den vidaregåande skolen. I ei internasjonalisert verd er evna til å kommunisere på andre språk stadig viktigare. [+]
  Framandspråkopplæringa står sentralt i den vidaregåande skolen. I ei internasjonalisert verd er evna til å kommunisere på andre språk stadig viktigare. God kommunikasjon er avhengig av språkleg kompetanse, men også av kunnskap om kulturelle skilnader og ulike samfunnstilhøve omkring i verda. I den norske skolen blir det lagt stor vekt på språkopplæringa. Engelskundervisninga startar alt i første klasse på barneskolen, og eit tredje framandspråk blir introdusert i vidaregåande skole. I media blir ofte «den gode språklæraren» etterlyst - læraren som både er fagleg dyktig og ein god pedagog som kan motivere elevane til læring. I dette programmet skal du studere to fag, slik at du skal ha grunnlag for undervisning i to fag, Du skal ta mastergrad i eitt av språkfaga engelsk, fransk eller tysk, og dette språket blir ditt fag 1 i lærarutdanninga. I tillegg skal du velje eit fag 2 som du skal studere i to semester. Språkfaga i programmet er sett saman av språkleg orienterte emne som legg vekt på praktisk og teoretisk kunnskap om språket, og litterære og kulturelle emne der du skal bli kjend med litteraturhistoria og sosiale, kulturelle og politiske tilhøve i språkområdet du studerer.   Engelsk er eit verdsspråk som blir brukt i svært mange internasjonale samanhengar. Faget er obligatorisk på alle steg i norsk skole. Behovet for utdanning i faget på universitetsnivå er derfor stort. Engelskstudiet på lågare nivå gir ei grunnleggjande innføring i engelsk språk og engelskspråkleg litteratur og kultur. På mellomnivå og mastergradsnivå er det større valfridom når det gjeld emne for fordjuping og spesialisering i ein av dei tre studiedisiplinane engelsk språk, engelskspråkleg litteratur og engelskspråkleg kultur i eldre og nyare tid.   Tysk er eit sentralt språk i Europa og morsmålet til om lag 100 millionar menneske. Dei tyskspråklege landa speler ei viktig rolle innan europeisk kultur, samfunnsliv og politikk. Som følgje av auka europeisk samarbeid, er kunnskap om tysk og det tyskspråklege området svært nyttig. Studiet inneheld emne innan grammatikk, praktisk språkbruk, litteratur, kultur og omsetjing. Gjennom tyskstudiet trener du opp evna til å bruke moderne tysk skriftleg og munnleg. Du får også kjennskap til dei store språklege og kulturelle variasjonane som er eit særmerke for innbyggjarane i dei tyskspråklege områda i Europa.   Fransk er i verdsmålestokk morsmålet til omlag 80 millionar menneske, og rundt 50 millionar bruker fransk som andrespråk. Fransk er også arbeidsspråket i ei rekkje internasjonale organisasjonar. I Europarådet, for eksempel, er fransk og engelsk likestilte som hovudspråk. Gjennom franskstudiet trenar du opp evna til å forstå og bruke moderne fransk skriftleg og munnleg. Du får også kjennskap til fransk litteratur og kunnskap om Frankrike og om franskmenn sine tenkje- og levemåtar. Studiet inneheld emne innan grammatikk, praktisk språkbruk, litteratur, kultur og omsetjing. Det blir også gitt ei innføring i kultur og samfunnstilhøve i fransktalande land og område utanom Frankrike. Oppbygging Studiet er sett saman av mindre emne. Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium, og inneheld tre emne. Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål som gjeld kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. Språk og kommunikasjon gir deg eit teoretisk og praktisk grunnlag for vidare språkstudium. Emnet Innføring i pedagogikk medverkar til å skape ein identitet som framtidig lærar, i tillegg til å førebu deg på sjølve lærarutdanninga. Etter førstesemesteret tar du to semester med fag 1, så to semester med fag 2. Deretter tar du eit semester med spesialisering i fag 1, før du tar til på masterstudiet i fag 1. Gjennom studiet skal du ta emne i pedagogikk og fagdidaktikk saman med fagstudia. I kvart semester vil det også bli arrangert ei obligatorisk samling for alle studentane på programmet, og i det tredje og femte semesteret blir det arrangert skolebesøk i ei veke. Praksis, pedagogikk og fagdidaktikk vil i hovudsak liggje i det sjuande og åttande semesteret.   Her ser du eit eksempel på korleis studiet vil sjå ut viss du vel engelsk som fag 1 og tysk som fag 2.   1. semester:Ex.phil. (10 sp*)Språk og kommunikasjon (10 sp)Innføring i pedagogikk (10 sp)   2. semester:Emne i engelsk (30 sp)   3. semester:Emne i engelsk (25 sp)Fagdidaktikk (5 sp) Skolebesøk   4. semester: Emne i tysk (30 sp)   5. semester:Emne i tysk (20 sp)Fagdidaktikk (5 sp)Pedagogikk (5 sp)Skolebesøk   6. semesterSpesialiseringsemne i engelsk (25 sp)Fagdidaktikk (5 sp)   7. og 8. semesterMasteremne i engelsk (30 sp)Fagdidaktikk (15 sp)Pedagogikk (15 sp)Praksis (13 veker)   9. og 10. semester Mastergradsoppgåve (60 sp) *Studiepoeng (30 studiepoeng = eitt fulltids semester). Utveksling Det finst i dag mange alternativ om du vil ta litt av utdanninga i utlandet. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. For deg som vil ta lærarutdanning i et framandspråk, vil det vere ein stor fordel om du legg inn eit utanlandsopphald. Dersom du vel engelsk som eitt av faga i lektorutdanninga, vil du for eksempel få tilbod om eit 14 dagars studieopphald ved Det norske studiesenteret i York. Tek du tysk, vil du få eit opphald ved Det tysk-norske studiesenteret i Kiel, og vel du fransk, inngår eit sju vekers kurs i Frankrike. Ein vil også leggje til rette for utanlandsopphald i sjette semester (spesialiseringssemesteret).     [-]
Les mer
1 år
På forespørsel
Skolerettet årsstudium i naturfag gir primært kompetanse for lærere og allmennlærerstudenter som ønsker å undervise i naturfag i grunnskolen. Studiet kan også inng... [+]
Studiet henter sine kunnskaper og metoder fra basisfagene biologi, fysikk, kjemi, geofag og teknologi. Både innhold og arbeidsmetoder skal forankres i grunnskolens naturfag.   Studiet består av seks emner som hver har et omfang på 10 studiepoeng, og som er organisert i følgende rekkefølge gjennom studieåret: Mangfold i naturen, teknologi, stoffer, verdensrommet, kropp og helse, fenomener og aktiviteter.   Undervisningen består av forelesninger, klassesamtaler, ekskursjoner, laboratorieøvelser, organisert gruppearbeid og prosjektarbeid. [-]
Les mer
5 år
På forespørsel
Dette programmet passar for deg som ønskjer å bli realfagslærar i den vidaregåande skolen (ev. ungdomsskolen). Læraryrket er eit givande og utfordrande yrke, og beho... [+]
  Dette programmet passar for deg som ønskjer å bli realfagslærar i den vidaregåande skolen (ev. ungdomsskolen). Læraryrket er eit givande og utfordrande yrke, og vil det vere behov for mange nye realfagslærarar i skolen framover.   Programmet er samansett av fagstudium i matematikk, fysikk, kjemi og/eller biologi, og praktisk-pedagogisk utdanning. Den praktisk-pedagogiske utdanninga omfattar pedagogikk, fagdidaktikk i dine fag og praksisopplæring i skolen. I pedagogikk legg ein vekt på å utvikle gode læringsrelasjonar mellom menneske og set søkjelyset på kommunikasjon og sosialt samspel. Pedagogikken i den praktisk-pedagogiske utdanninga tek særleg sikte på å gi heilskapleg kunnskap om og forståing for arbeidet i skolen. I fagdidaktikken ser ein nærare på korleis ein lærer og underviser det enkelte faget og problemstillingar og teoriar knytte til dette, for eksempel korleis ein lærer matematikk og kvifor bruke elevøvingar i kjemi. Praksis gjennomførast i ungdomsskole og vidaregåande skole. Kva fag som inngår i ditt studium avheng av kva for ei studieretning du vel. Det er mange studieretningar å velje mellom, men innanfor den enkelte studieretninga er valfridommen derimot liten.   Programmet gir deg grunnlag for undervisning i to fag i den vidaregåande skolen, samt naturfag i dei fleste studieretningane. Studiet vert avslutta med ei masteroppgåve i det faget du har mest fordjuping i. Dette inneber at du skaffar deg både brei og djup fagleg bakgrunn for undervisning i skolen.   Oppbygging   I alle studieløp inngår: 60 studiepoeng praktisk-pedagogisk utdanning minst 80 studiepoeng i faget du skal skrive masteroppgåve i minst 60 studiepoeng i det andre faget som inngår i studieretninga di ei masteroppgåve på 30 studiepoeng. Oppgåva kan ha ein skoleretta eller reint fagleg profil. Det er også mogleg å velje ei fagdidaktisk oppgåve. praksis i skolen Fag- og emneval   Studieløp og fagsamansetjing i programmet er avhengig av kva for ei studieretning du vel. Du kan velje mellom sju ulike retningar:   1. matematikk og fysikk, med masteroppgåve i matematikk eller fysikk   2. matematikk, fysikk og naturfag, med masteroppgåve i fysikk   3. matematikk, naturfag og eit anna realfag, med masteroppgåve i matematikk   4. kjemi, matematikk og naturfag, med masteroppgåve i kjemi   5. biologi, matematikk og naturfag, med masteroppgåve i biologi   6. kjemi, biologi og naturfag, med masteroppgåve i kjemi   7. biologi, kjemi og naturfag, med masteroppgåve i biologi   Dei obligatoriske fagemna i programmet sørgjer for at du får eit godt grunnlag for undervisning i den vidaregåande skolen og tilstrekkeleg fordjuping med tanke på masteroppgåva. Den praktisk-pedagogiske delen av programmet vert teken parallelt med fagstudia, slik at fokus vert halde på lærarutdanning gjennom heile studiet. I tillegg til praksis og ordinær undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk inngår skolebesøk og lærarstudentsamlingar.   Førstesemesterstudiet I det første semesteret tek du tre emne, kvart på 10 studiepoeng. Desse emna er examen philosophicum, examen scholae og eit innføringsemne i matematikk. Du vel anten brukarkurs i matematikk eller grunnkurs i matematikk. Dette er avhengig av kva kunnskapar du har i matematikk frå før og av fagkombinasjonen du har tenkt å velje. Du som har teke eitt eller fleire av desse emna tidlegare, vil få informasjon om kva emne du kan ta ved semesterstart. Utveksling Dersom du ønskjer det, er det mogleg å ta eitt semester av fagstudiet i utlandet. Vi vil forsøke å leggje til rette for at dette kan inngå som ein integrert del av utdanninga di. Det er også mogleg å ta ein av praksisperiodane i utlandet. Foreløpig er det berre Sør-Afrika vi har eit slikt samarbeid med.   [-]
Les mer
1 semester
På forespørsel
Hovedemner er treningslære og arbeidsfysiologi, idrett og samfunn, pedagogikk og psykologi, metode og statistikk. [+]
Studiet er en videreføring av årsstudiet i idrett og vil sammen med dette dekke kravet til fordypning i en bachelorgrad. Studiet tilsvarer deler av det 3. året i bachelorprogrammet i idrett.   Hovedemner er treningslære og arbeidsfysiologi, idrett og samfunn, pedagogikk og psykologi, metode og statistikk. Utgifter til undervisning som er lagt utenfor universitetets arealer, må dekkes av studentene. Noe av undervisningen kan bli gitt på engelsk.   Studiet kvalifiserer for undervisning i kroppsøving i grunnskole og videregående skole når det inngår som del av allmennlærerutdanning eller det suppleres med andre fag og praktisk-pedagogisk utdanning. Studiet kvalifiserer også for arbeid med frivillig idrett.   [-]
Les mer
1 semester
På forespørsel
Studentene skal få kompetanse for å bli gode naturfagslærere som kan gjøre faget levende. [+]
Studentene skal få kompetanse for å bli gode naturfagslærere som kan gjøre faget levende.   I studiene inngår laboratorie- og feltarbeid. Studiene kan tas som del av tredje eller fjerde år i allmennlærerutdanningen, eller som selvstendige studium. Når studiene tas i tredje studieår, inngår det praksis i skolen. Studiene gir grunnlag for å undervise i naturfag i grunnskole og også i videregående skole, hvis man tar begge .   Innhold - Naturfag 2: Biologi 2: Planters og dyrs systematikk og morfologi, økologi, cellebiologi, evolusjon, genetikk og geologi (10) Kjemi 2: Kjemi i dagliglivet, mineraler og bergarter, miljø og miljøforurensing (10) Fysikk 2: Verdensrommet og forskerspiren, himmelmekanikk, optikk, observasjon og stråling (10) Tallene i parantes angir studiepoeng. [-]
Les mer
1 semester
På forespørsel
På forespørsel
Studentene skal få kompetanse for å bli gode naturfagslærere som kan gjøre faget levende. [+]
Studentene skal få kompetanse for å bli gode naturfagslærere som kan gjøre faget levende.     I studiene inngår laboratorie- og feltarbeid. Studiene kan tas som del av tredje eller fjerde år i allmennlærerutdanningen, eller som selvstendige studium. Når studiene tas i tredje studieår, inngår det praksis i skolen. Studiene gir grunnlag for å undervise i naturfag i grunnskole og også i videregående skole, hvis man tar begge.     Innhold - Naturfag 1: Biologi 1: Biologisk mangfold, anatomi, fysiologi og geofag (10) Kjemi 1: Uorganisk-, organisk- og biokjemi med eksempler på kjemi i dagliglivet (10) Fysikk 1: Fenomener og stoffer, teknologi og design (10) Tallene i parantes angir studiepoeng.   [-]
Les mer
5 år
På forespørsel
Dette programmet passar for deg som ønskjer å bli realfagslærar i den vidaregåande skolen (ev. ungdomsskolen). [+]
  Dette programmet passar for deg som ønskjer å bli realfagslærar i den vidaregåande skolen (ev. ungdomsskolen). Læraryrket er eit givande og utfordrande yrke, og vil det vere behov for mange nye realfagslærarar i skolen framover.   Programmet er samansett av fagstudium i matematikk, fysikk, kjemi og/eller biologi, og praktisk-pedagogisk utdanning.   Den praktisk-pedagogiske utdanninga omfattar pedagogikk, fagdidaktikk i dine fag og praksisopplæring i skolen. I pedagogikk legg ein vekt på å utvikle gode læringsrelasjonar mellom menneske og set søkjelyset på kommunikasjon og sosialt samspel. Pedagogikken i den praktisk-pedagogiske utdanninga tek særleg sikte på å gi heilskapleg kunnskap om og forståing for arbeidet i skolen. I fagdidaktikken ser ein nærare på korleis ein lærer og underviser det enkelte faget og problemstillingar og teoriar knytte til dette, for eksempel korleis ein lærer matematikk og kvifor bruke elevøvingar i kjemi. Praksis gjennomførast i ungdomsskole og vidaregåande skole. Kva fag som inngår i ditt studium avheng av kva for ei studieretning du vel. Det er mange studieretningar å velje mellom, men innanfor den enkelte studieretninga er valfridommen derimot liten.   Programmet gir deg grunnlag for undervisning i to fag i den vidaregåande skolen, samt naturfag i dei fleste studieretningane. Studiet vert avslutta med ei masteroppgåve i det faget du har mest fordjuping i. Dette inneber at du skaffar deg både brei og djup fagleg bakgrunn for undervisning i skolen. Oppbygging I alle studieløp inngår: 60 studiepoeng praktisk-pedagogisk utdanning minst 80 studiepoeng i faget du skal skrive masteroppgåve i minst 60 studiepoeng i det andre faget som inngår i studieretninga di ei masteroppgåve på 30 studiepoeng. Oppgåva kan ha ein skoleretta eller reint fagleg profil. Det er også mogleg å velje ei fagdidaktisk oppgåve. praksis i skolen Fag- og emneval Studieløp og fagsamansetjing i programmet er avhengig av kva for ei studieretning du vel. Du kan velje mellom sju ulike retningar: 1. matematikk og fysikk, med masteroppgåve i matematikk eller fysikk   2. matematikk, fysikk og naturfag, med masteroppgåve i fysikk   3. matematikk, naturfag og eit anna realfag, med masteroppgåve i matematikk   4. kjemi, matematikk og naturfag, med masteroppgåve i kjemi   5. biologi, matematikk og naturfag, med masteroppgåve i biologi   6. kjemi, biologi og naturfag, med masteroppgåve i kjemi   7. biologi, kjemi og naturfag, med masteroppgåve i biologi   Dei obligatoriske fagemna i programmet sørgjer for at du får eit godt grunnlag for undervisning i den vidaregåande skolen og tilstrekkeleg fordjuping med tanke på masteroppgåva. Den praktisk-pedagogiske delen av programmet vert teken parallelt med fagstudia, slik at fokus vert halde på lærarutdanning gjennom heile studiet. I tillegg til praksis og ordinær undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk inngår skolebesøk og lærarstudentsamlingar. Førstesemesterstudiet I det første semesteret tek du tre emne, kvart på 10 studiepoeng. Desse emna er examen philosophicum, examen scholae og eit innføringsemne i matematikk. Du vel anten brukarkurs i matematikk eller grunnkurs i matematikk. Dette er avhengig av kva kunnskapar du har i matematikk frå før og av fagkombinasjonen du har tenkt å velje. Du som har teke eitt eller fleire av desse emna tidlegare, vil få informasjon om kva emne du kan ta ved semesterstart. Utveksling Dersom du ønskjer det, er det mogleg å ta eitt semester av fagstudiet i utlandet. Vi vil forsøke å leggje til rette for at dette kan inngå som ein integrert del av utdanninga di. Det er også mogleg å ta ein av praksisperiodane i utlandet. Foreløpig er det berre Sør-Afrika vi har eit slikt samarbeid med. [-]
Les mer
2 år
På forespørsel
Studiet passer for studenter som ønsker en sterk faglig og fagdidaktisk kompetanse i matematikk med tanke på undervisningsstillinger. [+]
Studiet passer for studenter som ønsker en sterk faglig og fagdidaktisk kompetanse i matematikk med tanke på undervisningsstillinger. Studiet behandler matematikk sett i sammenheng med undervisning. Det går inn på temaer som læring, undervisning og formidling av matematikk på ulike nivåer i utdanningssystemet. Matematikkens historiske utvikling har også en viktig plass i studiet.   Studiet er delt i to modeller: Én for dem med allmennlærerbakgrunn og én for dem med bachelorbakgrunn.     Allemennlærerbakgrunn:   1. Studieår Lineær algebra (10) Matematikk i utvikling (10) Forskningsmetoder (5) Moderne teknologi (5) Læring og undervisning av matematikk (10) Statistikk 2 (10) Modellering og differensiallikninger (10)   2. StudieårAlgebra 2 (10) Modellering og differensiallikninger (10) Arbeidsmetoder i matematikkundervisningen (10) Masteroppgave (30)     Bachelorbakgrunn:   1. Studieår Matematikk i utvikling (10) Arbeidsmetoder i matematikkundervisningen (10) Forskningsmetoder (5) Moderne teknologi (5) Læring og undervisning av matematikk (10) Begreper i analyse (10) Masteroppgave (10)   2. Studieår Algebra 2 (10) Masteroppgave (50)   Behov for arbeidskraftDet er stort behov for godt kvalifiserte matematikklærere på alle nivå i utdanningssystemet. Omkring halvparten av kandidatene i matematikkdidaktikk fra Universitetet i Agder arbeider nå med lærerutdanning på universiteter og høgskoler. Den andre halvparten arbeider i grunnskolen, den videregående skolen eller i privat næringsliv. Studiet kvalifiserer for stilling som lektor i skolen. [-]
Les mer
3 år
På forespørsel
Ønskjer du å utdanna deg til musikklærar og musikkformidlar? Er du opptatt av å læra meir om musikk, og å komponera, spela og syngja saman med andre? Vil du utvikla... [+]
  I dette musikkstudiet legg me vekt på samanhengen mellom kunstnarisk utvikling som utøvar, lyttar og komponist, og det å formidla musikk på ein god måte. Eit viktig siktemål i studiet er difor å utvikla fagleg, kunstnarisk, pedagogisk og didaktisk kompetanse for arbeid med musikk i opplæring.   Arbeid med hovudinstrument, komponering/arrangering og pedagogiske emne er gjennomgåande i heile studiet. Som student blir du sett på som ein ressursperson som kan vera med å påverka studiet. Du får arbeida med både hovud- og biinstrument, og det vert arbeidd med samspel, leiing/direksjon komponering/ arrangering, ulike konsertproduksjonar, studioarbeid og liknande.   Gjennom rettleia praksis vil du også få prøva deg som lærar og instruktør i ulike samanhengar. Studiestad Stord har studio, konsertsal og gode øvingsrom. Du får ta del i våre internasjonale nettverk, og me dreg på studieturar til interessante musikkstader.   Som student ved HSH kan du ha eit opphald i utlandet i løpet av studietida. Etablerte program og samarbeidsavtalar gjer at opphaldet på tre til seks månader blir godkjent som del av ditt studium ved HSH, og du taper ikkje tid.   Vidare studium: Studieprogrammet gjev grunnlag for opptak til mastergrader, slik som vår eigen mastergrad IKT i læring, og vidare musikkstudium. Du kan òg bruka delar av bachelorutdanninga i musikk til å byggja opp ei allmennlærarutdanning. Slik kan du få både ei allmennlærarutdanning og faglærarutdanning i musikk på fem år.   Her får du jobb: Du får ein solid og unik kompetanse og blir kvalifisert for arbeid i grunnskule, vidaregåande skule og kulturskule. Andre moglege arbeidsstader er kor, korps, band, ensembleverksemd (arrangør, komponist, utøvar og dirigent) musikkorganisasjonar og musikkprosjekt av ulike slag. [-]
Les mer
3 år
På forespørsel
Doktorgradsstudiet i musikkpedagogikk gir et bredt grunnlag for å forstå og vurdere musikkundervisning og musikkformidling. [+]
Musikkpedagogikk og musikkterapi Både musikkpedagogikk og musikkterapi er tverrfaglige disipliner som krever et tverrfaglig program. Et slikt program tilbyr NMH, i samarbeid med andre norske og nordiske institusjoner.   I tillegg vil en viktig del av opplæringen knyttes til de kurs som arrangeres innenfor nordiske nettverk. Her er det to nettverk som begge har utdanningen av doktorstipendiater som sine hovedmål: Et nordisk nettverk for musikkterapeutisk forskning ble etablert i 1993. Det har sin hovedbase ved Aalborg Universitetet , og har gjennomført en rekke forskersymposier o.l.   Et lignende nettverk ble etablert for musikkpedagogisk forskning. Dette nettverket arrangerer årlige forskerkurs og gir ut årbøker med vitenskapelige artikler. Dokumentasjonen av arbeidet skal være en doktorgradsavhandling, og studiet avsluttes med en disputas.   [-]
Les mer
1 år
På forespørsel
Studiet inneholder emner i kalkulus, algebra, geometri, statistikk, differensiallikninger og modellering. [+]
Målet for årsstudiet er å gi studentene en solid innføring i matematikk. Studiet inneholder emner i kalkulus, algebra, geometri, statistikk, differensiallikninger og modellering.   Studiet gir faglig grunnlag for å undervise i matematikk i grunnskole og i videregående skole. I skolen er det stort behov for lærere med godt grunnlag i matematikk.   Studiet er identisk med første året i bachelorstudiet i matematikk og fysikk og første året i femårig integrert masterprogram i matematikkdidaktikk.   [-]
Les mer
1 år
På forespørsel
Målet for studiet er å kvalifisere deg for arbeid som lærer i samfunnsfag i grunnskolen [+]
Studiet er organisert som et sammenhengende studium over ett studieår, og kan inngå som valgfag i allmennlærerutdanningen eller som del av en bachelorgrad. I grunnskolen bygger fagområdet samfunnsfag på fagene geografi, historie og samfunnskunnskap. Årsstudiet er basert på de samme fagene. Studiet skal gi deg forståelse for fagenes innhold, perspektiver, begreper, teorier og arbeidsmåter både som basisfag og som skolefag.   Arbeid med fagdidaktiske og fagmetodiske spørsmål blir vektlagt. I studiets arbeidsformer inngår ekskursjoner, obligatorisk oppgavearbeid og obligatorisk praksis. [-]
Les mer

Lukk Denne siden benytter seg av informasjonskapsler (cookies).
Du kan fortsette å bruke siden som vanlig hvis du godtar dette. Les mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
;