Musikkurs
Du har valgt: Folkemusikk
Nullstill
Filter
Ferdig

-

4 år
På forespørsel
Tradisjonsmusikk er eit utøvande studium ved Ole Bull Akademiet på Voss, med siktemål å utdanne folkemusikarar som både har eit høgt nivå som solistar, og som kan fungere... [+]
Studiet er lagt opp og vert gjennomført i samarbeid med Griegakademiet, Institutt for musikk, Universitetet i Bergen, men vert organisert og administrert av Ole Bull Akademiet. Studenten må i studietida registrere seg og betale semesteravgift ved Universitetet i Bergen for å kunne gå opp til eksamen. Bachelorprogrammet er tilrettelagt i 2 delar: Tradisjonsmusikk I og II. Begge inneheld eitt stort utøvingsemne (60 stp.) og fire mindre emne (15 stp.). Emna på 15 stp. skal gje teoretiske og etnomusikologiske innfallsvinklar til tradisjonen, og viktige kunnskapar som er relevante for utøvande musikarar i dagens samfunn. Dei 2 første studieåra: Tradisjonsmusikk I, Spelemanns- og kvedarskulen, er eit studium som er tufta på den tradisjonelle opplæringa i folkemusikken. Studentane skal få høve til å utvikle eit personleg spel-/songuttrykk på grunnlag av grundig kunnskap i eigen tradisjon. 3. og 4. studieår, Tradisjonsmusikk II, har eit studieopplegg med stor vekt på samspel og arrangering. Studentane skal gjerast i stand til å nytte folkemusikken i ulike samarbeidsformer, på eit solid tradisjonelt grunnlag. Andre kunst- og/eller kulturfaglege emne kan óg inngå i 3.- og 4.-årsstudiet. Griegakademiet, Institutt for musikk tilbyr óg musikkfagleg praktisk-pedagogisk utdanning som kan inngå i bachelorgraden. Oppnådd bachelorgrad i tradisjonsmusikk vil gje grunnlag for opptak til mastergradsstudium i tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet, når slik utdanning blir sett i gang. [-]
Les mer

Lukk Denne siden benytter seg av informasjonskapsler (cookies).
Du kan fortsette å bruke siden som vanlig hvis du godtar dette. Les mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.