Pedagogikk
Fagdidaktikk
Matematikkfag
Hordaland
Du har valgt: Bergen
Nullstill
Filter
Ferdig

-

4 treff ( i Bergen ) i Matematikkfag
 
5 år
På forespørsel
Dette programmet passar for deg som ønskjer å bli realfagslærar i den vidaregåande skolen (ev. ungdomsskolen). Læraryrket er eit givande og utfordrande yrke, og beho... [+]
  Dette programmet passar for deg som ønskjer å bli realfagslærar i den vidaregåande skolen (ev. ungdomsskolen). Læraryrket er eit givande og utfordrande yrke, og vil det vere behov for mange nye realfagslærarar i skolen framover.   Programmet er samansett av fagstudium i matematikk, fysikk, kjemi og/eller biologi, og praktisk-pedagogisk utdanning. Den praktisk-pedagogiske utdanninga omfattar pedagogikk, fagdidaktikk i dine fag og praksisopplæring i skolen. I pedagogikk legg ein vekt på å utvikle gode læringsrelasjonar mellom menneske og set søkjelyset på kommunikasjon og sosialt samspel. Pedagogikken i den praktisk-pedagogiske utdanninga tek særleg sikte på å gi heilskapleg kunnskap om og forståing for arbeidet i skolen. I fagdidaktikken ser ein nærare på korleis ein lærer og underviser det enkelte faget og problemstillingar og teoriar knytte til dette, for eksempel korleis ein lærer matematikk og kvifor bruke elevøvingar i kjemi. Praksis gjennomførast i ungdomsskole og vidaregåande skole. Kva fag som inngår i ditt studium avheng av kva for ei studieretning du vel. Det er mange studieretningar å velje mellom, men innanfor den enkelte studieretninga er valfridommen derimot liten.   Programmet gir deg grunnlag for undervisning i to fag i den vidaregåande skolen, samt naturfag i dei fleste studieretningane. Studiet vert avslutta med ei masteroppgåve i det faget du har mest fordjuping i. Dette inneber at du skaffar deg både brei og djup fagleg bakgrunn for undervisning i skolen.   Oppbygging   I alle studieløp inngår: 60 studiepoeng praktisk-pedagogisk utdanning minst 80 studiepoeng i faget du skal skrive masteroppgåve i minst 60 studiepoeng i det andre faget som inngår i studieretninga di ei masteroppgåve på 30 studiepoeng. Oppgåva kan ha ein skoleretta eller reint fagleg profil. Det er også mogleg å velje ei fagdidaktisk oppgåve. praksis i skolen Fag- og emneval   Studieløp og fagsamansetjing i programmet er avhengig av kva for ei studieretning du vel. Du kan velje mellom sju ulike retningar:   1. matematikk og fysikk, med masteroppgåve i matematikk eller fysikk   2. matematikk, fysikk og naturfag, med masteroppgåve i fysikk   3. matematikk, naturfag og eit anna realfag, med masteroppgåve i matematikk   4. kjemi, matematikk og naturfag, med masteroppgåve i kjemi   5. biologi, matematikk og naturfag, med masteroppgåve i biologi   6. kjemi, biologi og naturfag, med masteroppgåve i kjemi   7. biologi, kjemi og naturfag, med masteroppgåve i biologi   Dei obligatoriske fagemna i programmet sørgjer for at du får eit godt grunnlag for undervisning i den vidaregåande skolen og tilstrekkeleg fordjuping med tanke på masteroppgåva. Den praktisk-pedagogiske delen av programmet vert teken parallelt med fagstudia, slik at fokus vert halde på lærarutdanning gjennom heile studiet. I tillegg til praksis og ordinær undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk inngår skolebesøk og lærarstudentsamlingar.   Førstesemesterstudiet I det første semesteret tek du tre emne, kvart på 10 studiepoeng. Desse emna er examen philosophicum, examen scholae og eit innføringsemne i matematikk. Du vel anten brukarkurs i matematikk eller grunnkurs i matematikk. Dette er avhengig av kva kunnskapar du har i matematikk frå før og av fagkombinasjonen du har tenkt å velje. Du som har teke eitt eller fleire av desse emna tidlegare, vil få informasjon om kva emne du kan ta ved semesterstart. Utveksling Dersom du ønskjer det, er det mogleg å ta eitt semester av fagstudiet i utlandet. Vi vil forsøke å leggje til rette for at dette kan inngå som ein integrert del av utdanninga di. Det er også mogleg å ta ein av praksisperiodane i utlandet. Foreløpig er det berre Sør-Afrika vi har eit slikt samarbeid med.   [-]
Les mer
4 år
På forespørsel
Dette programmet passer best for deg som ønskjer å bli realfagslærar i ungdomsskolen. [+]
  Dette programmet passer best for deg som ønskjer å bli realfagslærar i ungdomsskolen. Læraryrket er eit givande og utfordrande yrke, og det vil vere behov for mange nye realfagslærarar i skolen framover.   Programmet er samansett av praktisk-pedagogisk utdanning og basisfag i matematikk og naturfag. Dette gjer deg kvalifisert til å undervise desse faga i ungdomsskolen. Den praktisk-pedagogiske utdanninga omfattar pedagogikk, fagdidaktikk i matematikk og naturfag og praksisopplæring i skolen. I pedagogikk legg ein vekt på å utvikle gode læringsrelasjonar mellom menneskje og set søkjelyset på kommunikasjon og sosialt samspel.   Pedagogikken i den praktisk-pedagogiske utdanninga tek særleg sikte på å gi deg heilskapleg kunnskap om og forståing for arbeidet i skolen. I fagdidaktikken ser ein nærare på korleis ein lærer og underviser det enkelte faget og problemstillingar og teoriar knytte til dette, til dømes korleis ein lærer matematikk, kvifor bruke elevøvingar i naturfag, osb. Praksis gjennomførast i ungdomsskolen og på barnetrinnet (5. -7. klasse). Du kan søkje om å erstatte praksis på barnetrinnet (5.-7. klasse) med ungdomsskole eller vidaregåande skole. I den valfrie delen av studiet er det mogleg å fordjupe seg vidare i eitt eller fleire realfag eller velje andre fag som samfunnsfag eller historie. På denne måten kan du skaffe deg ein allsidig og brei bakgrunn for undervisning i skolen. Oppbygging Det 4-årige adjunktprogrammet inneheld 60 studiepoeng praktisk-pedagogisk utdanning 30 studiepoeng i matematikk (NB. 50 studiepoeng fra og med høsten 2008*) 60 studiepoeng i utvalde emne i fysikk, kjemi og biologi 80 studiepoeng valfrie emne (NB. 60 studiepoeng fra og med høsten 2008*) praksis i skolen Dei obligatoriske delane gir grunnlag for undervisning i matematikk og naturfag i ungdomsskolen. I den valfrie delen av studiet er det mogleg å fordjupe seg vidare i eitt eller fleire realfag eller ta heilt andre fag. Ved å satse mest på fordjuping, kan du skaffe deg grunnlag for undervisning i den vidaregåande skolen i enkelte fag (min. 60 studiepoeng i eit fag). Ved å satse meir på breidd kan du skaffe deg breiare kompetanse for undervisning på ungdomsskolen. Eksempel: Ved å velje emne i geologi, geofysikk, biologi, fysikk, kjemi, molekylærbiologi o.l., kan du auke kunnskapane dine for undervisning i naturfag i ungdomsskolen. Ved å velje 30 studiepoeng i matematikk i tillegg til dei 30 obligatoriske, oppnår du tilstrekkelig grunnlag for undervisning i matematikk i vidaregåande skole. Ved å velje 30 studiepoeng innanfor kjemi, biologi og/eller fysikk, oppnår du tilstrekkelig grunnlag for undervisning i naturfag i videregående skole. Ved å velje fagkombinasjonar frå andre fagområde, kan du oppnå tilstrekkeleg grunnlag for undervisning i desse faga i ungdomsskolen. Den praktisk-pedagogiske delen av programmet vert teke parallelt med fagstudia slik at fokus vert halde på lærarutdanninga gjennom heile studiet. I tillegg til praksis og ordinær undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk inngår skolebesøk og lærarstudentsamlingar.   * I Forskrift til opplæringsloven angis det hvor mange studiepoeng som kreves i et fag for å undervise faget i skolen. Fra og med høsten 2008 økes kravet til antall studiepoeng i matematikk for undervisning i ungdomsskolen. Pga. dette økes antall obligatoriske studiepoeng i matematikk i adjunktutdanningen fra og med høsten 2008. Utveksling Dersom du ønskjer det, kan du ta eitt semester av fagstudiet i utlandet. UiB har mange utvekslingsavtaler som kan nyttast. Eit utanlandsopphald bør leggjast til det 6. semesteret. Det er også mogleg å ta ein av praksisperiodane i utlandet. Foreløpig er det berre Sør-Afrika vi har eit slikt samarbeid med. Yrkesvegar Adjunktutdanninga i matematikk og naturfag kvalifiserer for tilsetjing på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskolen og ev. i den vidaregåande skolen og vaksenopplæringa avhengig av fagfordjuping. [-]

Dette programmet passar for deg som ønskjer å bli realfagslærar i den vidaregåande skolen (ev. ungdomsskolen). [+]
  Dette programmet passar for deg som ønskjer å bli realfagslærar i den vidaregåande skolen (ev. ungdomsskolen). Læraryrket er eit givande og utfordrande yrke, og vil det vere behov for mange nye realfagslærarar i skolen framover.   Programmet er samansett av fagstudium i matematikk, fysikk, kjemi og/eller biologi, og praktisk-pedagogisk utdanning.   Den praktisk-pedagogiske utdanninga omfattar pedagogikk, fagdidaktikk i dine fag og praksisopplæring i skolen. I pedagogikk legg ein vekt på å utvikle gode læringsrelasjonar mellom menneske og set søkjelyset på kommunikasjon og sosialt samspel. Pedagogikken i den praktisk-pedagogiske utdanninga tek særleg sikte på å gi heilskapleg kunnskap om og forståing for arbeidet i skolen. I fagdidaktikken ser ein nærare på korleis ein lærer og underviser det enkelte faget og problemstillingar og teoriar knytte til dette, for eksempel korleis ein lærer matematikk og kvifor bruke elevøvingar i kjemi. Praksis gjennomførast i ungdomsskole og vidaregåande skole. Kva fag som inngår i ditt studium avheng av kva for ei studieretning du vel. Det er mange studieretningar å velje mellom, men innanfor den enkelte studieretninga er valfridommen derimot liten.   Programmet gir deg grunnlag for undervisning i to fag i den vidaregåande skolen, samt naturfag i dei fleste studieretningane. Studiet vert avslutta med ei masteroppgåve i det faget du har mest fordjuping i. Dette inneber at du skaffar deg både brei og djup fagleg bakgrunn for undervisning i skolen. Oppbygging I alle studieløp inngår: 60 studiepoeng praktisk-pedagogisk utdanning minst 80 studiepoeng i faget du skal skrive masteroppgåve i minst 60 studiepoeng i det andre faget som inngår i studieretninga di ei masteroppgåve på 30 studiepoeng. Oppgåva kan ha ein skoleretta eller reint fagleg profil. Det er også mogleg å velje ei fagdidaktisk oppgåve. praksis i skolen Fag- og emneval Studieløp og fagsamansetjing i programmet er avhengig av kva for ei studieretning du vel. Du kan velje mellom sju ulike retningar: 1. matematikk og fysikk, med masteroppgåve i matematikk eller fysikk   2. matematikk, fysikk og naturfag, med masteroppgåve i fysikk   3. matematikk, naturfag og eit anna realfag, med masteroppgåve i matematikk   4. kjemi, matematikk og naturfag, med masteroppgåve i kjemi   5. biologi, matematikk og naturfag, med masteroppgåve i biologi   6. kjemi, biologi og naturfag, med masteroppgåve i kjemi   7. biologi, kjemi og naturfag, med masteroppgåve i biologi   Dei obligatoriske fagemna i programmet sørgjer for at du får eit godt grunnlag for undervisning i den vidaregåande skolen og tilstrekkeleg fordjuping med tanke på masteroppgåva. Den praktisk-pedagogiske delen av programmet vert teken parallelt med fagstudia, slik at fokus vert halde på lærarutdanning gjennom heile studiet. I tillegg til praksis og ordinær undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk inngår skolebesøk og lærarstudentsamlingar. Førstesemesterstudiet I det første semesteret tek du tre emne, kvart på 10 studiepoeng. Desse emna er examen philosophicum, examen scholae og eit innføringsemne i matematikk. Du vel anten brukarkurs i matematikk eller grunnkurs i matematikk. Dette er avhengig av kva kunnskapar du har i matematikk frå før og av fagkombinasjonen du har tenkt å velje. Du som har teke eitt eller fleire av desse emna tidlegare, vil få informasjon om kva emne du kan ta ved semesterstart. Utveksling Dersom du ønskjer det, er det mogleg å ta eitt semester av fagstudiet i utlandet. Vi vil forsøke å leggje til rette for at dette kan inngå som ein integrert del av utdanninga di. Det er også mogleg å ta ein av praksisperiodane i utlandet. Foreløpig er det berre Sør-Afrika vi har eit slikt samarbeid med. [-]
Les mer

Lukk Denne siden benytter seg av informasjonskapsler (cookies).
Du kan fortsette å bruke siden som vanlig hvis du godtar dette. Les mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
;