Psykologi
Psykologikurs
Hordaland
Du har valgt: Bergen
Nullstill
Filter
Ferdig

-

7 treff ( i Bergen ) i Psykologikurs
 

3 år
På forespørsel
Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi fører fram til graden bachelor i kultur- og samfunnsvitskap. [+]
  Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne, medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1½ års studium) innanfor arbeids- og organisasjonspsykologi. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Studiet er bygd opp av følgjande fag: Det første semesteret består av tre emne: 1) ex.phil., 2) ex.fac. og 3) innføring i psykologi. Desse emna gir ei grunnleggjande innføring i ulike tenkjemåtar kring kunnskap og vitskap generelt, ein introduksjon til fagspesifikk historie og vitskapsteori, og ei innføring i faget psykologi. Psykologiske forskingsmetodar gir ei innføring i metode og tek føre seg både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar. Personalpsykologi fokuserer på individet i organisasjonen. Fokuset er retta mot både individet sine føresetnader for å gå inn i rolla som arbeidstakar og organisasjonen sine føresetnader for å handtere og utvikle den enkelte. Temaet karriereutvikling i og på tvers av organisasjonar blir presentert. Organisasjonspsykologi rettar seg primært mot studiet av organisasjonar og grupper, og leiing og utvikling av desse. Sentrale tema er kommunikasjon, konflikt og konflikthandtering, organisasjonskultur, organisasjonslæring og organisasjonsutvikling. Arbeidspsykologi fokuserer på det yrkesaktive individet si oppleving av arbeidsmiljøet og bindeleddet mellom arbeidsmiljø og helse. Mellom temaa som blir drøfta er psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, motivasjon i jobbsamanheng, individuelle forskjellar, sosial støtte, mobbing, stress og utbrenning, meistring og helse i arbeidslivet. Leiingspsykologi gir ei skolering i sentrale teoriar og perspektiv på leiing. Blant anna ser ein nærare på transformerande og destruktiv leiing og kva innverknad situasjonsfaktorar har på leiing. Med utgangspunkt i norsk og internasjonal teori og empiri viser ein kva innverknad leiing har på produktiviteten i organisasjonar og på trivselen blant dei tilsette. Bacheloroppgåva skal gi ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid blir bygd opp. I løpet av kurset skal du i samarbeid med medstudentar skrive ei oppgåve basert på fagleg fordjuping og empirisk arbeid. Blant valfrie emne kan du velje så godt som alle fag på høgskole- og universitetsnivå. Vi rår deg til å ta fag innan samfunnsvitskap, informasjonsvitskap, rettsvitskap, økonomi og humaniora. Nedanfor ser du korleis bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er lagt opp.   1. semester: Examen philosophicum Examen facultatum, psykologi Innføring i psykologi   2. semester: Personalpsykologi Forskingsmetodar   3. semester: Organisasjonspsykologi Arbeidspsykologi   4. semester: Valfrie emne   5. semester: Valfrie emne   6. semester: Leiingspsykologi Bacheloroppgåve Utveksling Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Det er ein fordel om du reiser ut i den valfrie delen av programmet. Yrkesvegar Studiet tek sikte på å formidle kunnskap om det psykososiale arbeidsmiljøet, leiing, verdiskaping og helse innan organisert arbeid. Målet er at kandidaten, i rolla som f.eks. leiar, medarbeidar, rådgjevar, konsulent eller analytikar skal få ein utvida kompetanse i det å forstå, ivareta og utvikle menneske innan organisasjonar. Dette gjeld også det å førebyggje belastningar og handtere konfliktar. Kandidatar med eksamen i arbeids- og organisasjonspsykologi arbeider innan personal- og organisasjonsutvikling, både i privat og offentleg sektor, og i organisasjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Vidare studium Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterstudium i arbeids- og organisasjonspsykologi. [-]
Les mer
6 år
På forespørsel
Profesjonsstudiet i psykologi tek utgangspunkt i «Standarder for norsk psykologeksamen», og gir deg ei brei innføring i psykologi, både som akademisk fagfelt og som p... [+]
Profesjonsstudiet i psykologi fører fram til cand.psychol.-graden, som er grunnlaget for å bli autorisert og kunne praktisere som psykolog. Studiet er seksårig og består av eit eittårig årsstudium medrekna ex.phil. og ex.fac., følgt av eit femårig psykologstudium. Fagleg innhald Profesjonsstudiet i psykologi tek utgangspunkt i «Standarder for norsk psykologeksamen», og gir deg ei brei innføring i psykologi, både som akademisk fagfelt og som profesjonelt verkeområde. Studiet er bygd opp omkring ein «forskar-og-praktikar-modell». Formålet er å gi ei innføring i psykologiske teoriar, forskingsmetodar og forskingsbasert kunnskap på den eine sida og grunnkompetanse innanfor dei sentrale arbeidsområda for psykologar (klinisk psykologi, pedagogisk psykologi, nevropsykologi, samfunnspsykologiske fag og forsking) på den andre sida.   Målet er at du skal tileigne deg den teoretiske, praktiske og etiske kunnskapen som ligg til grunn for psykologar si yrkesutøving på ei rekkje område. I så måte byggjer profesjonsstudiet i psykologi på ein generalistmodell som legg grunnlaget for seinare spesialisering, både innan forsking og praktiske arbeidsområde. Du opparbeider deg kunnskap om mennesket si normale åtferd og utvikling, psykiske lidingar og avvikande åtferd gjennom undervisning, pensumlesing og praksis under rettleiing. Oppbygging Profesjonsstudiet har ei normert studietid på seks år, og er sett saman av årsstudiet i psykologi (1 år) og psykologstudiet (5 år). Psykologstudiet er delt inn i to avdelingar, 1. og 2. avdeling, som kvar utgjer eit fulltidsstudium på 2½ år. Årsstudiet er sett saman av innføringsemne samt generell psykologi 1 og generell psykologi 2. Det første semesteret består av ex.phil., ex.fac. og innføring i psykologi. Desse emna skal gi ei innføring i ulike tenkjemåtar kring kunnskap og vitskap generelt, ein introduksjon til fagspesifikk historie og vitskapsteori, og ei innføring i faget psykologi. Generell psykologi 1 skal gi ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament, kombinert med utviklingspsykologi. Generell psykologi 2 skal gi den første fordjupinga i personlegdomspsykologi, sosialpsykologi og forskingsmetode. Psykologstudiet Psykologstudiet består av to avdelingar, 1. og 2. avdeling. Første avdeling er på fem semester og dekkjer teoretisk og metodisk innføring i dei psykologiske basalfaga utviklingspsykologi, biologisk og medisinsk psykologi, kognitiv psykologi, sosialpsykologi og personlegdomspsykologi. Du får solid og samansett teoretisk kunnskap om dei ulike områda av psykologien, og om det vitskaplege grunnlaget og metodar i psykologien. Dette er grunnlaget både for forskaropplæringa og for opplæringa i anvend psykologi som kjem i andre avdeling. Andre avdeling omfattar både teoriundervisning og praktisk opplæring i dei utøvande disiplinane. Dette gjeld blant anna klinisk psykologi, nevropsykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi, pedagogisk psykologi og samfunnspsykologi. Praksisopplæringa går føre seg ved dei fire klinikkane ved fakultetet (over 3 semester) og ved eksterne institusjonar (18 veker). I studiet er det lagt vekt på undervisnings- og læringsformer med mykje studentaktivitet. Dei omfattar blant anna oppgåveskriving, presentasjon av fagleg stoff på seminar, erfaring som undervisningsassistent og praksis med rettleiing. Alle skal skrive ei hovudoppgåve i slutten av studiet. Studieplanen for psykologstudiet er fast, og alle studentane på eit kull har same studieopplegg. Utveksling Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. På profesjonsstudiet i psykologi vel vi i tillegg ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for våre studentar. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i utdanninga di. Du kan for eksempel studere ved universitet i Italia, Sør-Afrika, Spania og Sverige. Yrkesvegar Cand.psychol.-graden gir grunnlag for autorisering som psykolog. Dei vanlegaste arbeidsområda er helsevesenet, forsking og undervisning, skolevesenet, organisasjonar, sosialsektoren og private verksemder. For tida er det mangel på psykologar i mange sektorar, både i det offentlege og private, og det er derfor gode moglegheiter for nyutdanna psykologar. [-]
Les mer
3 år
På forespørsel
Utdanninga opnar for arbeid i helseforvaltinga, frivillige organisasjonar og anna arbeidsliv der kunnskap om folkehelse, helsefremjande arbeid og førebyggjande arbeid er... [+]
  Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne, medrekna ex.phil., og 105 studiepoeng med spesialisering innanfor helsefremjande arbeid. Alle eller delar av dei siste 45 studiepoenga kan veljast frå andre fag. Studiet er bygd opp av dei følgjande faga: Det første semesteret består av tre emne: 1) ex.phil., 2) ex.fac. og 3) innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid. Desse emna gir ei grunnleggjande innføring i ulike tenkjemåtar kring kunnskap og vitskap generelt, ein introduksjon til fagspesifikk historie og vitskapsteori, og ei innføring i faget pedagogikk og helsefremjande arbeid. Psykologiske forskingsmetodar gir ei innføring i metode, og emnet tek føre seg både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar. Helsefremjande arbeid, helsepsykologi og positiv psykologi vil gi ein introduksjon til ulike tilnærmingar som er viktige for feltet helsefremjande arbeid. Folkehelse, epidemiologi og offentleg helsepolitikk set fokus på ulike forvaltingsnivå, utviklinga av helsetenesta, og kva for ideologiske, politiske og lovmessige føringar som set rammer for åtferd og tiltaksarbeid. Helseøkonomi gir deg blant anna innsikt i metodar for evaluering av helsetiltak, betalings- og finansieringssystem i helsesektoren, marknads- og konkurranseformer ved produksjon av helsetenester, marknader for legemiddel, og fordeling av helsetenester i befolkninga. Litteratursøk og litteratursyntese vil gi deg kjennskap til ulike informasjonskjelder og lære deg å definere informasjonsbehov og utvikle søkestrategiar, i tillegg til å gi deg ei forståing av kva som ligg i omgrepet kjeldekritikk. Historiske og kulturelle perspektiv på helse vil setje helsefremjande arbeid inn i ein større historisk og kulturell samanheng. Utvikling og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak vil leggje vekt på utvikling av kunnskap omkring metodar som måler effekt av tiltak. Målet er å forstå implementering, effekt av og mekanismar i tiltak betre. Bacheloroppgåva skal gi ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid blir bygd opp. Studentane skal utvikle ei vitskapleg tilnærming til eit større skrifteleg arbeid. Oppgåva er også ei god moglegheit til å gå grundig inn i eit relevant tema. Blant valfrie emne kan du velje så godt som alle fag på høgskole- og universitetsnivå. Vi tilrår fag innan samfunnsvitskap, økonomi, humaniora, psykologi og helsefag. Nedanfor ser du korleis bachelorprogrammet i helsefremjande arbeid er lagt opp: 1. semester Examen philosophicum Examen factultatum, psykologi Innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid 2. semester Helsefremjande arbeid og helsepsykologi Forskingsmetodar 3. semester Folkehelse, epidemiologi og offentleg helsepolitikk Helseøkonomi Litteratursøk og litteratursyntese 4. semester Utvikling og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak Historiske og kulturelle perspektiv på helse 5. semester Valfrie emne 6. semester Valfritt emne Bacheloroppgåve UtvekslingDet finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Du må gjerne ta eitt eller fleire emne ved utanlandske universitet. Det er ein fordel om du reiser ut i den valfrie delen av programmet. YrkesvegarUtdanninga opnar for arbeid i helseforvaltinga, frivillige organisasjonar og anna arbeidsliv der kunnskap om folkehelse, helsefremjande arbeid og førebyggjande arbeid er etterspurd. Vidare studiumStudiet gir grunnlag for opptak til ulike masterstudium innanfor helsefag. [-]
Les mer
2 år
På forespørsel
Studiet har som mål å gi deg evidensbaserte kunnskapar om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng.... [+]
  Studiet har som mål å gi deg evidensbaserte kunnskapar om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Studiet er konsentrert om følgjande tema: organisasjonar og grupper si oppbygging og verkemåtar, med vekt på endring, individuelle føresetnader for å arbeide i organisasjonar og grupper, rolla som endringsagent, forskingsdesign og -metodar måleverktøy og arbeidsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling, etiske problemstillingar og dilemma. Oppbygging av studiet Studiet består av ein teoretisk del (30 studiepoeng), ein praktisk del (30 studiepoeng), forskingsmetode (15 studiepoeng) og masteroppgåva (45 studiepoeng). Eit masterprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi kan sjå slik ut: 1. semester: Organisasjonsutvikling: Tradisjonelle og kritiske perspektiv (15 sp) Tradisjonar i arbeidslivsforskinga (AHS311) (15 sp) 2. semester: Intervensjonar i grupper og organisasjonar 1: Leiar og teamutvikling (10 sp) Intervensjonar i grupper og organisasjonar 2: Konflikthandtering og arbeidsmiljøutvikling (10 sp) Rolla som endringsagent i praksis: Prosjektarbeid i organisasjonar (10 sp) 3. semester: Forskingsmetode (15 sp) 3. og 4. semester: Masteroppgåve (45 sp) Masteroppgåve Oppgåva utgjer 45 studiepoeng, og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel (artiklar). Oppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt. Yrkesvegar Kandidatar med ein mastergrad i arbeids- og organisasjonspsykologi kan arbeide innan personal- og organisasjonsutvikling både i privat og offentleg sektor og i organisasjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. [-]
Les mer
3 år
På forespørsel
Bachelorprogrammet i generell psykologi fører fram til graden bachelor i kultur- og samfunnsvitskap. [+]
  Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1½ års studium) innanfor generell psykologi. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Studiet er bygd opp av dei følgjande faga: Det første semesteret består av tre emne: 1) ex.phil., 2) ex.fac. og 3) innføring i psykologi. Desse emna gir ei grunnleggjande innføring i ulike tenkjemåtar kring kunnskap og vitskap generelt, ein introduksjon til fagspesifikk historie og vitskapsteori, og ei innføring i faget psykologi. Generell psykologi 1 gir ei innføring i biologisk psykologi, kognitiv psykologi og utviklingspsykologi. Emnet skal gi ei første forståing av menneskeleg åtferd og åtferd hos andre organismar. Generell psykologi 2 gir ei innføring i psykologifaget sitt sosiale fundament. I tillegg får du kjennskap til sentrale teoriar om personlegdom. Emnet inneheld også ei grunnleggjande innføring i forskingsmetodar. Lærings- og åtferdspsykologi skal gi deg kunnskap om viktige historiske bidrag til moderne åtferdspsykologi, teoretiske og empiriske bidrag og anvende metodar og kunnskapar i lærings- og åtferdspsykologi. Affekt og kognisjon skal gi ei innføring i dei viktigaste teoriane og perspektiva på forholdet mellom affekt, kognisjon og biologi. Gjennom dette emnet vil du få kjennskap til teoriar og empiriske funn frå sosial-kognisjonsfeltet. Psykologiske forskingsmetodar skal gi ei brei innføring i kvalitativ og kvantitativ metode, og ei innføring i statistikkpakke (program). Bacheloroppgåva skal gi ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid blir bygd opp. Gjennom arbeidet med oppgåva vil du utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte, lære kva for krav som blir stilte til eit større skriftleg produkt og kva som kan vere ein passande arbeidsmåte. Valfrie emne kan du velje blant så godt som alle fag på høgskole- og universitetsnivå. Vi rår deg til å spesialisere deg innan retningane skole, helse og arbeids og organisasjonspsykologi, samt og ta emne innan psykologi, samfunnsvitskap, økonomi og humaniora. Nedanfor ser du korleis bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er lagt opp. 1. semester: Examen philosophicum Examen facultatum, psykologi Innføring i psykologi 2. semester: Generell psykologi 1 Generell psykologi 2 3. semester: Lærings- og åtferdspsykologi Affekt og kognisjon 4. semester: Forskingsmetodar Valfritt emne 5. semester: Valfrie emne 6. semester. Valfritt emne Bacheloroppgåve Utveksling Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Det er ein fordel om du reiser ut i den valfrie delen av programmet. Yrkesvegar Avhengig av fagkombinasjonen vil studiet gi kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, for eksempel i skolen, i ulike delar av det private næringslivet, i ideelle organisasjonar og i ulike delar av helsevesenet og liknande der psykologisk fagkunnskap er etterspurd. Ved påbygging til mastergrad får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå. Vidare studium Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterprogram i psykologi. UiB tilbyr ikkje masterprogram i generell psykologi, men bachelorprogrammet kvalifiserer for å kunne søkje opptak til masterprogram i psykologi ved andre utdanningsinstitusjonar i inn- og utland, mellom anna ved UiO, NTNU og UiT, og for opptak til andre mastergrader ved UiB. [-]
Les mer
1 år
På forespørsel
I eit eittårig fagstudium står du fritt til å setje saman alle opne emne innan psykologiske fag. Det blir tilbode opne emne innan generell psykologi, arbeids- og organ... [+]
  Opptak til årsstudium gir studierett i eitt år ved fulltidsstudium (60 studiepoeng). Du kan studere alle opne emne innan dei psykologiske faga, eller dei fem obligatoriske emna som kvalifiserer for opptak til psykologstudiet.   Det er altså fleire måtar å fylle eit årsstudium på:   1. Du kan velje dei fem obligatoriske emna som kvalifiserer for opptak til psykologstudiet   2. Du kan studere eitt år med opne emne innan psykologiske fag   3. Du kan fritt setje saman opne emne frå ulike fag ved Universitetet i Bergen Oppbygging Viss du ønskjer å kvalifisere deg for opptak til psykologstudiet, må du ta eit førstesemesterstudium med ex.phil., ex.fac. og innføring i psykologi (til saman 30 studiepoeng), samt generell psykologi 1 (15 studiepoeng) og generell psykologi 2 (15 studiepoeng). Det første semesteret består av ex.phil., ex.fac. og innføring i psykologi. Desse emna gir ei innføring i ulike tenkjemåtar kring kunnskap og vitskap generelt, i tillegg til fagspesifikk historie og vitskapsteori, og ei innføring i faget psykologi. Examen philosophicum gir eit overordna filosofisk perspektiv. Formålet med studiet er å gi ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenkjemåte, særleg i forhold til psykologiske grunnlagsproblem. Examen facultatum tek føre seg psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapeleg disiplin. Innføring i psykologi skal gi ei overordna innsikt i den psykologiske vitskapen. Du lærer blant anna om psykologien sitt biologiske fundament, om minne, læring, utviklingspsykologi, sosialpsykologi og personlegdom. Det andre semesteret byggjer på det første semesteret og omfattar ei vidare innføring i psykologi som vitskap. Studiet tek opp sentrale problemstillingar, teoriar og forskingsresultat. Generell psykologi 1 skal gi ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament, kombinert med utviklingspsykologi. Kurset tek sikte på å gi ei forståing av menneskeleg åtferd og åtferd hos andre organismar. Generell psykologi 2 skal gi ei fordjuping i psykologifaget sitt sosiale fundament. I tillegg vil du få vidare kjennskap til sentrale teoriar om personlegdom. Kurset inneheld også ei innføring i psykologifaget sine forskingsmetodar. Fagstudium I eit eittårig fagstudium står du fritt til å setje saman alle opne emne innan psykologiske fag. Det blir tilbode opne emne innan generell psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi, personalpsykologi og pedagogikk. Du kan inkludere eller ekskludere ex.phil. og andre førstesemesteremne. Fritt valte emner Samansetjinga av emne i løpet av studieåret vel du sjølv. Du kan velje emne frå berre eitt av dei psykologiske faga, eller du kan velje blant andre opne emne ved Universitetet i Bergen. Viss du er usikker på om du vil gå vidare på eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt, kan det vere lurt å ta ex.phil. og andre førstesemesteremne. Dei emna er obligatoriske viss du vil ha ein bachelorgrad. I tillegg kan det vere ein grei måte å starte livet som student på, både fagleg og sosialt.   Yrkesvegar Årsstudiet i psykologi kan i kombinasjon med andre fag gi kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, for eksempel i skolen, i ulike delar av privat verksemd, i ideelle organisasjonar og i ulike delar av helsevesenet og liknande, der psykologisk fagkunnskap er etterspurd. For å bli psykolog må du bli teken opp på og fullføre psykologstudiet. Vidare studium Eit årsstudium i psykologi som består av ex.phil. , ex.fac., innføring i psykologi og generell psykologi 1 og 2 kvalifiserer for opptak til psykologstudiet. Avlagde eksamenar i årsstudiet vil kunne brukast i ein bachelorgrad viss du søkjer overgang til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt. [-]
Les mer
3 år
På forespørsel
Menneskeleg tenking vert til i eit samspel mellom blant anna sansing, minne, språk, problemløysing og kjensler [+]
Menneskeleg tenking vert til i eit samspel mellom blant anna sansing, minne, språk, problemløysing og kjensler. I kognitiv vitskap prøver vi å forstå korleis desse ulike delane av menneskeleg tenking fungerer kvar for seg og samla. Det gjer vi blant anna ved å lage dataprogram som skal simulere (etterlikne) desse delane, og så sjå om dataprogramma er i stand til å framvise åtferd som liknar menneskeleg intelligens. Slik prøver vi å skaffe betre kunnskap om korleis ein intelligent hjerne fungerer og vidare om korleis vi kan konstruere dataprogram som har kunstig intelligens. I praksis kan slik kunnskap for eksempel brukast til å lage dataspel, datasystem med talegjenkjenning eller dataprogram for medisinsk diagnose. Kognitiv vitskap er tverrfagleg og tek opp i seg element frå informatikk, informasjonsvitskap, datalingvistikk, psykologi og filosofi. Oppbygging Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster: 30 studiepoeng innføringsemne inkludert ex.phil. 90 studiepoeng med emne som dannar kunnskapsgrunnlaget i kognitiv vitskap 60 studiepoeng valfrie emne, avhengig av kva spesialisering du vel. På bachelorstudiet i kognitiv vitskap kan du blant anna studere følgjande tema: Programmering Språkvitskap (lingvistikk) Språk og data Biologisk og kognitiv psykologi Sinnsfilosofi Logikk Kunstig intelligens Dei siste 60 studiepoenga i bachelorprogrammet vel du ut frå kva fagområde du vel å spesialisere deg i. Innanfor kognitiv vitskap kan du velje mellom følgjande spesialiseringsfag: informasjonsvitskap, informatikk, filosofi og datalingvistikk. Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap vil sjå slik ut: 1. semester Ex.phil. (10 sp) Innføring i programmering (10 sp) Språk og kommunikasjon (10 sp) 1½ år Spesialiseringsfag i kognitiv vitskap (90 sp) 1 år 60 studiepoeng valemne, avhengig av kva spesialisering du vel TOTALT: 180 studiepoeng (3 år) sp = studiepoeng Utveksling Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet, høvesvis mellom nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del av universitetet si ordinære verksemd. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtaler med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehandsgodkjent studieprogram (frå 3 veker til 12 månader) i studiet sitt og den norske graden studenten tek. Yrkesvegar Gjennom studiet i kognitiv vitskap vil du tilegne deg både ein yrkesrelevant IT- kompetanse og ei akademisk evne til kritisk analyse og nytenking. Det gir deg ein dobbel kompetanse som er svært etterspurt på arbeidsmarknaden. Studiet kvalifiserer for undervisning og arbeid i ulike fag avhengig av spesialiseringa du vel i det tredje året av studiet. Studiet kan også byggjast ut med masterstudium i fleire retningar og kvalifiserer for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren. Vidare studium Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap vil kvalifisere deg for opptak til masterprogrammet i informasjonsvitskap, informatikk, filosofi eller datalingvistikk, alt etter kva du vel til spesialisering. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftleg arbeid og aktiv deltaking i undervisning og seminar. Arbeidet med masteroppgåva står sentralt i studiet. [-]
Les mer

Lukk Denne siden benytter seg av informasjonskapsler (cookies).
Du kan fortsette å bruke siden som vanlig hvis du godtar dette. Les mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
;