Pedagogikk
Fagdidaktikk
Musikk
Du har valgt: Hordaland
Nullstill
Filter
Ferdig

-

1 treff ( i Hordaland ) i Musikk

Sorter på søkerangering, kursnavn, pris, sted, kursdato


Stord 3 år
På forespørsel
Ønskjer du å utdanna deg til musikklærar og musikkformidlar? Er du opptatt av å læra meir om musikk, og å komponera, spela og syngja saman med andre? Vil du utvikla... [+]
  I dette musikkstudiet legg me vekt på samanhengen mellom kunstnarisk utvikling som utøvar, lyttar og komponist, og det å formidla musikk på ein god måte. Eit viktig siktemål i studiet er difor å utvikla fagleg, kunstnarisk, pedagogisk og didaktisk kompetanse for arbeid med musikk i opplæring.   Arbeid med hovudinstrument, komponering/arrangering og pedagogiske emne er gjennomgåande i heile studiet. Som student blir du sett på som ein ressursperson som kan vera med å påverka studiet. Du får arbeida med både hovud- og biinstrument, og det vert arbeidd med samspel, leiing/direksjon komponering/ arrangering, ulike konsertproduksjonar, studioarbeid og liknande.   Gjennom rettleia praksis vil du også få prøva deg som lærar og instruktør i ulike samanhengar. Studiestad Stord har studio, konsertsal og gode øvingsrom. Du får ta del i våre internasjonale nettverk, og me dreg på studieturar til interessante musikkstader.   Som student ved HSH kan du ha eit opphald i utlandet i løpet av studietida. Etablerte program og samarbeidsavtalar gjer at opphaldet på tre til seks månader blir godkjent som del av ditt studium ved HSH, og du taper ikkje tid.   Vidare studium: Studieprogrammet gjev grunnlag for opptak til mastergrader, slik som vår eigen mastergrad IKT i læring, og vidare musikkstudium. Du kan òg bruka delar av bachelorutdanninga i musikk til å byggja opp ei allmennlærarutdanning. Slik kan du få både ei allmennlærarutdanning og faglærarutdanning i musikk på fem år.   Her får du jobb: Du får ein solid og unik kompetanse og blir kvalifisert for arbeid i grunnskule, vidaregåande skule og kulturskule. Andre moglege arbeidsstader er kor, korps, band, ensembleverksemd (arrangør, komponist, utøvar og dirigent) musikkorganisasjonar og musikkprosjekt av ulike slag. [-]
Les mer