Pedagogikk
Fagdidaktikk
Du har valgt: Språkfag
Nullstill
Filter
Ferdig

-

2 treff i Språkfag
 

3 dager
Kurset som tilbys tar for seg fremmedspråkdidaktikk med de grunnleggende ferdighetene lesing, skriving, muntlig, IKT og regning i fokus [+]
Fremmedspråksenteret har fått midler til å gjennomføre kortere, praksisnære etterutdanningskurs i fremmedspråkdidaktikk. Målgruppen er lærere i ungdomsskolen og videregående skole som underviser etter læreplanen for fremmedspråk nivå I og II. Kursene vil ta utgangspunkt i de grunnleggende ferdighetene med en halv dag på hver av disse.   Påmelding: http://www.hiof.no/index.php?ID=16813   Program: http://www.fremmedspraksenteret.no/index.php?ID=16250 [-]
Les mer
5 år
På forespørsel
Framandspråkopplæringa står sentralt i den vidaregåande skolen. I ei internasjonalisert verd er evna til å kommunisere på andre språk stadig viktigare. [+]
  Framandspråkopplæringa står sentralt i den vidaregåande skolen. I ei internasjonalisert verd er evna til å kommunisere på andre språk stadig viktigare. God kommunikasjon er avhengig av språkleg kompetanse, men også av kunnskap om kulturelle skilnader og ulike samfunnstilhøve omkring i verda. I den norske skolen blir det lagt stor vekt på språkopplæringa. Engelskundervisninga startar alt i første klasse på barneskolen, og eit tredje framandspråk blir introdusert i vidaregåande skole. I media blir ofte «den gode språklæraren» etterlyst - læraren som både er fagleg dyktig og ein god pedagog som kan motivere elevane til læring. I dette programmet skal du studere to fag, slik at du skal ha grunnlag for undervisning i to fag, Du skal ta mastergrad i eitt av språkfaga engelsk, fransk eller tysk, og dette språket blir ditt fag 1 i lærarutdanninga. I tillegg skal du velje eit fag 2 som du skal studere i to semester. Språkfaga i programmet er sett saman av språkleg orienterte emne som legg vekt på praktisk og teoretisk kunnskap om språket, og litterære og kulturelle emne der du skal bli kjend med litteraturhistoria og sosiale, kulturelle og politiske tilhøve i språkområdet du studerer.   Engelsk er eit verdsspråk som blir brukt i svært mange internasjonale samanhengar. Faget er obligatorisk på alle steg i norsk skole. Behovet for utdanning i faget på universitetsnivå er derfor stort. Engelskstudiet på lågare nivå gir ei grunnleggjande innføring i engelsk språk og engelskspråkleg litteratur og kultur. På mellomnivå og mastergradsnivå er det større valfridom når det gjeld emne for fordjuping og spesialisering i ein av dei tre studiedisiplinane engelsk språk, engelskspråkleg litteratur og engelskspråkleg kultur i eldre og nyare tid.   Tysk er eit sentralt språk i Europa og morsmålet til om lag 100 millionar menneske. Dei tyskspråklege landa speler ei viktig rolle innan europeisk kultur, samfunnsliv og politikk. Som følgje av auka europeisk samarbeid, er kunnskap om tysk og det tyskspråklege området svært nyttig. Studiet inneheld emne innan grammatikk, praktisk språkbruk, litteratur, kultur og omsetjing. Gjennom tyskstudiet trener du opp evna til å bruke moderne tysk skriftleg og munnleg. Du får også kjennskap til dei store språklege og kulturelle variasjonane som er eit særmerke for innbyggjarane i dei tyskspråklege områda i Europa.   Fransk er i verdsmålestokk morsmålet til omlag 80 millionar menneske, og rundt 50 millionar bruker fransk som andrespråk. Fransk er også arbeidsspråket i ei rekkje internasjonale organisasjonar. I Europarådet, for eksempel, er fransk og engelsk likestilte som hovudspråk. Gjennom franskstudiet trenar du opp evna til å forstå og bruke moderne fransk skriftleg og munnleg. Du får også kjennskap til fransk litteratur og kunnskap om Frankrike og om franskmenn sine tenkje- og levemåtar. Studiet inneheld emne innan grammatikk, praktisk språkbruk, litteratur, kultur og omsetjing. Det blir også gitt ei innføring i kultur og samfunnstilhøve i fransktalande land og område utanom Frankrike. Oppbygging Studiet er sett saman av mindre emne. Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium, og inneheld tre emne. Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål som gjeld kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. Språk og kommunikasjon gir deg eit teoretisk og praktisk grunnlag for vidare språkstudium. Emnet Innføring i pedagogikk medverkar til å skape ein identitet som framtidig lærar, i tillegg til å førebu deg på sjølve lærarutdanninga. Etter førstesemesteret tar du to semester med fag 1, så to semester med fag 2. Deretter tar du eit semester med spesialisering i fag 1, før du tar til på masterstudiet i fag 1. Gjennom studiet skal du ta emne i pedagogikk og fagdidaktikk saman med fagstudia. I kvart semester vil det også bli arrangert ei obligatorisk samling for alle studentane på programmet, og i det tredje og femte semesteret blir det arrangert skolebesøk i ei veke. Praksis, pedagogikk og fagdidaktikk vil i hovudsak liggje i det sjuande og åttande semesteret.   Her ser du eit eksempel på korleis studiet vil sjå ut viss du vel engelsk som fag 1 og tysk som fag 2.   1. semester:Ex.phil. (10 sp*)Språk og kommunikasjon (10 sp)Innføring i pedagogikk (10 sp)   2. semester:Emne i engelsk (30 sp)   3. semester:Emne i engelsk (25 sp)Fagdidaktikk (5 sp) Skolebesøk   4. semester: Emne i tysk (30 sp)   5. semester:Emne i tysk (20 sp)Fagdidaktikk (5 sp)Pedagogikk (5 sp)Skolebesøk   6. semesterSpesialiseringsemne i engelsk (25 sp)Fagdidaktikk (5 sp)   7. og 8. semesterMasteremne i engelsk (30 sp)Fagdidaktikk (15 sp)Pedagogikk (15 sp)Praksis (13 veker)   9. og 10. semester Mastergradsoppgåve (60 sp) *Studiepoeng (30 studiepoeng = eitt fulltids semester). Utveksling Det finst i dag mange alternativ om du vil ta litt av utdanninga i utlandet. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. For deg som vil ta lærarutdanning i et framandspråk, vil det vere ein stor fordel om du legg inn eit utanlandsopphald. Dersom du vel engelsk som eitt av faga i lektorutdanninga, vil du for eksempel få tilbod om eit 14 dagars studieopphald ved Det norske studiesenteret i York. Tek du tysk, vil du få eit opphald ved Det tysk-norske studiesenteret i Kiel, og vel du fransk, inngår eit sju vekers kurs i Frankrike. Ein vil også leggje til rette for utanlandsopphald i sjette semester (spesialiseringssemesteret).     [-]
Les mer

Lukk Denne siden benytter seg av informasjonskapsler (cookies).
Du kan fortsette å bruke siden som vanlig hvis du godtar dette. Les mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
;